Ein man frå Uppsala har testamentert 2,7 millionar kroner til ulvane i Uppland i Sverige.

26.09.2007 12:37
Den 80-årige mannen, som døydde for eitt år sidan, testamenterte alle pengane sine til «tillsyn under vintersvåra förhållande»av «vargar inom Upplands gränser», melder den svenske avisa Lantbruk.

Svenska Rovdjursföreningen forvaltar stiftinga som vart danna.

- Ulvane treng ikkje tilsyn om vinteren, så det handlar vel meir om å fremja ulvebestanden totalt sett, seier Björn Ljunggren, styreleiar i Svenska Rovdjursföreningen, till SR Uppland.

Foreininga vil bruke pengane til å drive informasjonsverksemd om ulven. Johan Månsson, rovdyransvarleg i Uppland fylke, er glad for dette. Det er ikkje mange ulvar i Uppland, men bestanden aukar.

- Det er viktig å prate om desse dyra og bruke tid på informasjonsarbeidet. Det kostar pengar, og arven kjem difor til god nytte, seier Månsson. ©NPK

Emneord
Les også