Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ukjente heltar sentrale i ny bok om Shetlandsfarten

Då historikaren Asgeir Ueland skulle skrive bok om Shetlandsgjengen enda han med å gå gjennom 50.000 dokument.

Forfattar Asgeir Ueland har tråla arkiv i Noreg og Storbritannia i arbeidet med den nye boka om Shetlandsgjengen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

– Det har vore som å rekonstruere ein mosaikk etter eit jordskjelv, seier forfattaren, som har brukt tre og eit halvt år på boka som ifølgje forlaget Kagge for første gong fortel heile historia om Shetlandsgjengen.

Shetlandsgjengen segla i hemmeleg oppdrag mellom Noreg og Shetland under andre verdskrigen, størsteparten av tida under britisk kommando. Dei tre første åra vart fiskebåtar brukte i den farlege ferda over Nordsjøen. Nesten 300 nordmenn tenestegjorde i gruppa i dei fem åra krigen varte.

– I dei tre første åra – i skøytetida – var Shetlandsgjengen den einaste linja mellom Storbritannia og det okkuperte Noreg. Utan deira heltemodige innsats hadde det ikkje komme ein einaste agent eller sabotør inn til Noreg frå Storbritannia. Det hadde heller ikkje blitt forsyning av våpen. Dei tok også med seg motstandsfolk på flukt ut, seier Ueland.

Mange heltar

For mange er Shetlandsfarten synonymt med Shetlands-Larsen. Leif Larsen (1906–1990) var ein av dei mest legendariske heltane under andre verdskrigen. I 1954 kom filmen om Shetlandsgjengen, der Larsen spelte seg sjølv.

– Shetlands-Larsen var den store helten. Han vart sjølve symbolet på den hemmelege trafikken over Nordsjøen. Men det eg har prøvd å vise med boka, er at det var mange «Larsenar», som også gjorde ein enorm innsats gjennom fem år, seier Ueland.

• Les og: Oddgeir Bruasets juleevangelium

I boka trekkjer han spesielt fram tre andre kapteinar han meiner fortener å bli kjent – sunnmøringen August Nerø, bergensaren Per Blystad og Bård Grotle frå Bremanger i Sogn og Fjordane.

– Eg håpar mi bok kan bidra til å bringe nokon av desse ukjente fram i lyset. Det har dei fortent. Jo meir eg grov, jo meir fascinert vart eg av dei unge menneska som var med i Shetlandsgjengen, seier Ueland.

Store tap

44 omkom i den farefulle overfarten over Nordsjøen. Spesielt vinteren 1942–43 mista mange livet, og kravet kom om å få betre og raskare båtar.

– Fiskebåtane var seine, og det var ikkje meininga at dei skulle brukast over Nordsjøen vinterstid i storm og orkan. På ein god dag kunne fiskeskøytene berre gå i åtte knop. Tyskarane heldt på å byggje ut langs kysten og fekk stadig fleire fort. Dei drev også patruljering med fly og båt langs kysten, seier Ueland.

• Les meir: Tungtvann på Rjukan: Historisk kjeller på Vemork vekker begeistring

Frå Bergen, der blant andre Shetlands-Larsen kom frå, tok turen til Shetland eit døgn, frå Sunnmøre halvtanna døgn og frå Nord-Norge to til tre døgn. Tokta gjekk stort sett i vinterhalvåret. På sommaren var det altfor lyst til ei så farefull ferd.

Frå 1943 fekk Shetlandgjengen tre mindre amerikanske ubåtjagarar, som den norske marinen hadde tatt over. Då gjekk overfarten mykje raskare, og turane vart hyppigare.

Annonse

– Med ubåtjegerane gjekk alt meir eller mindre på skjener. Det var ingen tap, og forsyningstempoet auka dramatisk, seier Asgeir Ueland.

Ingen supermenn

Kven var så desse modige karane som drog med små båtar over Nordsjøen vinterstid?

– Dei var ingen supermenn. Dei fleste kom frå enkle kår og hadde berre sjuårig folkeskule. Dei jobba som fiskarar. Nokre få hadde skipparskule. Dei som var med det første året gjekk på tokt utan noko anna opplæring enn lett våpentrening. Dei hadde skote nokre skot, det var det heile, seier Ueland.

Det var frivillig å vere med, og ganske mange gav seg etter ein tur eller to.

– Påkjenninga vart for stor, dei makta rett og slett ikkje meir.

• Meir om krigen: Kommentar: Då Holocaust kom til Noreg

Rekord i fiskebåttida hadde Bård Grotle med 17 turar, mens 14 hadde meir enn ti turar. Shetlands-Larsen står oppført med 14.

Tar ein også med turane med ubåtjagarar, hadde dei som kryssa Nordsjøen flest gonger, blant dei Shetlands-Larsen, over 50 turar.

Shetlendarane hugsar

I arbeidet med boka har Ueland tråla arkiv i Storbritannia og Noreg. Han har fått tilgang til arkiv som ikkje har vore opna tidlegare, og har skrive ein bok der dei siste 100 sidene er rein dokumentasjon. Han har blant anna med ein oversikt over alle som har tenestegjort i Shetlandsgjengen, kva tokt dei var med på og kva oppdraget var.

– Eg har vore gjennom det meste av tilgjengeleg materiale, og enda med rundt 50.000 sider med avfotograferte dokument, seier historikaren.

Jakob Strandheim er i dag den einaste av Shetlandsgjengen som framleis lever. Han var 22 år då han vart med i 1942, og er i dag busett utanfor Bergen. Strandheim var vore ei kjelde av stor verdi for Ueland. Han har også fått god hjelp av folk på Shetland, og då spesielt i Scalloway der det er eit museum over Shetlandsfarten.

– Eg vart veldig godt tatt imot på Shetland, og dei har hjelpt meg det dei kunne. Historia er svært levande på Shetland, og då spesielt i Scalloway, seier Asgeir Ueland.

Neste artikkel

Hyller norsk mat i verdensklasse