Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sunn mat heile året

Kokeboka «Opptur med sunn mat» av Linda Stuhaug står i hyllene i januar. Men Stuhaug slår eit slag for sunne vanar heile året, ikkje berre når nyttårs- forsetta er ferske.

Linda Stuhaug er ute med si første kokebok. Boka er basert på oppskrifter ho har lansert på bloggen sin, som har 10.000 lesarar kvar dag. Alle bilde frå boka: Jon Marius Nilsson

Matbloggaren Linda Marie Stuhaug (23) frå Naustdal har ein svært populær blogg med sunne oppskrifter. Der er 10.000 lesarar inne kvar dag for å få tips til alle måltid ein treng gjennom ein dag. På bloggen har ho i snart fem år delt oppskrifter som skal gjere det enkelt å lage sunn mat.

– Januar er ein ny start, og folk ynskjer gjerne å leve sunnare då, fortel Stuhaug.

Ekstra pågang

Ho seier det er ekstra pågang på bloggen hennar etter juleferien og i august og september, etter sommarferien. Likevel er det i januar dei aller fleste vil starte på nytt.

Men å legge om til ein sunnare livsstil, er ikkje gjort på ein blunk.

– Det er viktig å gjere endringar gradvis. Dei som bit over for mykje og vil gjere alt på ein gong, dett fortare av lasset. Det er viktig å innarbeide gode vanar for at det skal bli ein del av livsstilen, seier Stuhaug.

Var overvektig og inaktiv

Dette har forfattaren sjølv kjent på kroppen. I boka skriv Stuhaug at ho gjekk frå å vere overvektig og inaktiv til å prøve å forandre denne livsstilen. Men ho ville endre alt på ein gong, og dermed blei det fleire tilbakeslag. Etter ei tid skjønte ho som 16-åring at ho måtte gjere endringane gradvis, og ho sytte for at kvar vane var godt innarbeidd før ho tok neste steg.

Fire veker til endring

For å kome i gang med gode rutinar på matfronten har forfattaren sett opp fire fullstendige vekemenyar, pluss tips til korleis du kan ta inn små endringar veke for veke. Kvar veke har eit såkalla «bytetriks». Til dømes foreslår ho at du i veke 1 byter ut juice, brus og liknande med vatn når du er tørst. Eit anna bytetriks er å gå frå halvgrovt til så grovt brød som mogleg.

– Rettane i boka kan alle få til å lage. Råvarene finn du i vanlege matbutikkar, og eg har fått tilbakemeldingar på bloggen om at oppskriftene er lette å følgje, seier Stuhaug.

Boka er delt inn i kapittel om frukost, lunsj og matpakker, middag og sunt søtt.

– Kapittelet om dei søte tinga skil seg litt ut, då eg brukar alternativ til sukker. Men desse blir meir og meir tilgjengelege på nett, i helsekostbutikkar og også på vanlege matbutikkar, seier forfattaren.

Ikkje ha sjokolade i skapet

Januar-avisene er fulle av overskrifter om korleis du skal få bukt med søtsuget. Listene er lange og mange. Også Linda Stuhaug har tips til korleis ein skal bli kvitt suget. Det beste tipset hennar er enkelt:

– Unngå å ha sjokolade i skapet. Om du må gjere noko fysisk, altså gå på butikken, for å få tak i det, så blir terskelen større for å ete søtsaker. Kanskje tenkjer du då «Nei, eg reiser ikkje på butikken berre for å kjøpe sjokolade på ein onsdag».

Sjølv har Stuhaug følt på begge ytterkantane av mat og aktivitet. For å få fart på vektnedgangen då ho byrja å legge om livsstilen, trente ho stadig meir og åt mindre. Men ho såg ikkje sjølv at kleda etter kvart hang laust på kroppen og at overskotet og energien hennar var borte. Familie og vener ropte varsku, og til slutt klarte også Stuhaug sjølv å sjå at ho måtte snu om på livsstilen endå ein gong.

Open om historia si

– Det var ikkje ein konkret ting som førte til at eg fekk balanse i livet, men mange små moment. Det tok mange år før eg følte at eg hadde ein fin balanse, seier ho.

Januar er ein ny start, og folk ynskjer gjerne å leve sunnare då.

Annonse

Stuhaug har alltid vore interessert i mat, og då ho gjekk på kokkelinja på vidaregåande måtte ho ete mykje forskjellig som både ho og dei andre laga. Etter kvart fekk ho også kjærast, noko som var med på å hjelpe henne til å frigjere seg frå matkontrollen.

– Det var ein ubehageleg posisjon der og då, sidan det blei naturleg at han laga mat eller at me blei bedt på middag. Då kunne eg ikkje styre alt med maten sjølv, seier ho.

I tillegg fekk ho hjelp av psykolog og fastlege.

– Det var vanskeleg og tok lang tid, men det var veldig verdt det. Eg var open om det til vener og familie, og fortalde kva eg jobba med, seier Stuhaug.

Å gje konkrete råd til andre som har eit problematisk forhold til mat, er ho forsiktig med.

– Me er alle forskjellige og har ulike behov. Men det viktigaste er å ikkje stå aleine i det, seier ho.

Blir stadig inspirert

I mars fyller bloggen til Linda Stuhaug fem år. Ho har framleis mange oppskrifter ho vil dele med lesarane sine.

– Det er eit luksusproblem, eg føler eg sit inne med meir enn eg rekk å få ut. Eg elskar dette og brenn for det eg driv med, og eg trur eg får inn inspirasjon utan at eg merkar det, frå til dømes plakatar, blad eller reklame. Det står heller på tida, seier Stuhaug, som i tillegg til å drive bloggen, går sisteåret på ein bachelorgrad i samfunnsernæring ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

– Eg er forsiktig med å ta utdanninga mi inn i det eg skriv, både fordi eg ikkje er ferdigutdanna, men òg fordi det er så mykje motstridande forsking. Eg vel heller å gje tips og råd ut ifrå eigne erfaringar, seier ho.

Blant dei nesten 100 oppskriftene som er med i boka, trekkjer Stuhaug fram oppskrifta på proteinrike havrepannekaker.

– Den er min faste følgjesvein i Oslo og er favoritten blant frukostane, seier ho.

Blant middagsrettane, er det spesielt ei oppskrift som har blitt veldig populær på bloggen og heime på kjøkkenet til Stuhaug – nemleg søtpotetpizzaen.

Neste artikkel

Norske insekter slår an i utlandet