Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stolte steinbygg i kystlandskapet

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har selt fem opplag av løeboka «Norges låver», som kom ut i 2014. No har dei laga bok om steinbygg på Vestlandet.

Sommarfjøs: Sommarfjøs og steingard på Tofting i Lindås. Alle foto: Oddleiv Apneseth / Skald

Små og store steinløer var det mange av i «Norges låver» òg, og det gav oppspelet til det neste bokprosjektet, «Av stein». Der tar Røyrane og Apneseth for seg det store mangfaldet av steingardar, bakkemurar, steinløer, gardflorar, torvhus, jordkjellarar og andre byggverk av stein i kystlandskapet på Vestlandet.

Røyrane og Apneseth har inkludert eksempel frå både Sunnmøre, Sunnfjord, Ryfylke, Jæren og Øvre Telemark, men i all hovudsak handlar boka om steinarkitekturen i området mellom Bergen og Sognefjorden.

– I arbeidet med «Norges låver» slo det oss at det er eitt område i landet som har ein spesiell stor konsentrasjon av steinbygde anlegg, og det er området rundt og nord for Bergen, fortel forfattar Eva Røyrane.

Dokumentasjon

Etter at «Norges låver» var ferdig, gav Fylkesmannen i Hordaland dei to i oppdrag å dokumentere denne steinarkitekturen i Nordhordland, og dette arbeidet vart utgangspunktet for boka «Av stein». I boka, som er støtta av Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, er den geografiske radiusen likevel utvida ein del.

– Det hadde ikkje vore vanskeleg å lage ei bok om steinbruk over heile landet, for det er stein overalt. Men i dette området er det mange fleire typar hus og byggverk enn det vi finn andre plassar, seier Røyrane.

– Andre stader er det for det meste steingardar, naust ved sjøen og steinhus i fjellet. Typisk for denne delen av Vestlandet er at det i tillegg finst mange småhus på og omkring gardstunet, både i innmark og utmark.

Potetkjellarar overalt

Saman med løer og våningshus i stein er det steinbygde eldhus, smier, kvernhus, gardflorar og naust. I terrenget er det somme stader bygd forseggjorde bakkemurar, og her og der lettar steintrapper framkomsten.

Dessutan formeleg kryr det av graskledde potetkjellarar i Nordhordland, går det fram av boka. Dei fleste står ubrukte utan dør og fulle av skrot, mens somme er sette i stand og tatt i bruk, til dømes som røykjeri.

Artikkelen held fram under bileta.

Steinhardt: Steingarden er sjølve symbolet på den hardtarbeidande bonden.

Opp av jorda: Jordkjellaren kom med poteten til Nordhordland, og mange står den dag i dag. Somme er i godt hald, som desse tvillingkjellarane på Radøy.

Mur: Mange stader i Gulen har både bustadhus og løer tradisjonell vernemur på sørvest­veggen, som her i dalen ved Brekke.

Det hadde ikkje vore vanskeleg å lage ei bok om steinbruk over heile landet, for det er stein overalt.

Annonse


Tørrmurhandverket har lange tradisjonar i Noreg. Dei eldste husa vi kjenner til her til lands, jernalderhuset, hadde vernemurar av stein utanpå ytterveggane. Sidan den tid har stein vore billig råmateriale for mange slags byggverk, særleg på smågardane langs kysten. Byggjemåten minner om den dei har brukt i Vesterhavet, på Færøyane, Shetland, Orknøyane og andre stader på Dei britiske øyane.

Verdifull kulturarv

I dag står dei fleste murbygga ubrukte, nokre er i god stand, andre i ruinar. Steinarkitekturen er ein verdifull kulturarv som fortel om liv og levemåte i kystbygdene før i tida.

– Desse byggverka fortel om folk som har klart seg med lite, og som har jobba hardt for å få opp desse husa, som ikkje berre var til nytte, men som samtidig vart utruleg vakre. Dei må ha vore litt opptatt av estetikken òg, seier Røyrane.

Det var alltid nok stein å ta av for dei som elles ikkje hadde pengar til å kjøpe plank. Mot slutten av 1800-talet trur Røyrane det til og med var litt på moten å byggje med stein.

– Embetsmennene oppmoda dessutan bøndene til å byggje med stein, fortel ho.

I boka gir elles tørrmur-ekspert Haakon Aase nokre enkle råd om korleis ein går fram, for den som vil prøve seg på den gamle kunsten. Eva Røyrane har sjølv prøvd å mure litt, men ikkje ordentleg, frå botnen av, som ho seier.

– Men eg har mura så mykje at eg skjønner at ein kan bli fascinert av det og få lyst til å gjere meir når ein først har skjønt korleis ein skal gå fram.

Bru: Steinkvelvbrua over Vielva på Brautaset i Ørsta vart reist i 1845 som del av hovudvegen gjennom Åmdalen.

Brei og høg: Bonden Klaus Annaniassen Bergfjord i Lindås la mykje meir enn nødvendig i sauegjerdet han reiste på 1940-talet. Klausagarden tronar som ein kinesisk mur i skogen, to meter brei og seks meter høg på det meste.

Jæren: På Hårr i Hå på Jæren står dette naustet, kunnig mura opp med trassig rullestein.

Neste artikkel

Kirkene må reddes