Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Lokalradio» via hesjetråd

Lenge før lokalradioane rundt om i Noreg tok over eteren, fekk befolkninga på Rabba ved Hønefoss slagerar, nyheiter og gjettekonkurransar inn i stova via hesjetråd kopla til grammofon-inntaket på radioen.

Oskar Sandli «Radio-Oskar» var mannen bak Noregs einaste private kringkastingsnett på Rabba. Alle foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB scanpix

I 1956 knytte «Rabba Calling» 1200 menneske saman i Noregs første og til då einaste private kringkastingsnett. Tre mil med hesjetråd blei ført frå husgavl til husgavl på begge sider av Begna-elva og heilt ned til Hønefoss. Bak bragda stod Oskar Sandli, kjent som Radio-Oskar.

«Hans ry er kanskje ikke kjent over hele Norge, men hans posisjon på Rabba er iallfall grunnfestet nok», skreiv tidsskriftet Aktuells reporter Kjell Syversen. Han kunne fortelje at sjølv Rolf Kirkvaags «Det spørst» – på den tida Noregs desidert mest populære radioprogram – nok sleit med å få lyttarar i Rabba til å svitsje over til NRK viss Radio-Oskar hadde sending på same tid.

Dagleg sending

Frå sitt heimesnikra studio snurra Sandli plater frå den ekstraordinære samlinga si på 500, leste opp nyheiter, arrangerte spørjekonkurransar og presenterte lokale trubadurar og historieforteljarar.

«Under kringkastingsstreiken overførte han tilmed skøytelandskampen mot russerne via ‘Ringerikes Blad’», skreiv Aktuell.

Då Oskar kom heim frå fabrikken ved 16.30-tida, «begynte det å summe og prate på ståltråden». Deretter var det sending i opptil mange timar, der telefonen knapt stod stille. Slik skildrar Aktuell litt av ei typisk sending:

– Je syns du sku’ ta «Holebandet» en gang te, je, Oskar, foreslår ei stemme på tråden. Og Oskar sender opptaket frå Holeværingenes revy på Sundevollen.

– Nå syns jeg vi sku’ få e’ plate, Oskar, meiner ein annan lyttar seinare.

– Ta denne med «Hiv ankeret».

Det var også mogleg for andre å gjennomføre sendingar over dei same linjene. Slik at når Oskar tok kvelden, kunne lokale talent briljere, som Arne Halden med trekkspel, Kristian Odda med cowboy-melodiar og gitarakkompagnement av kona. Då kremtar det gjerne på tråden borte i stova til 75-åringen Anders Jenshagen, som er spesialist på rallarviser.

Reparatør

Hans ry er kanskje ikke kjent over hele Norge, men hans posisjon på Rabba er iallfall grunnfestet nok.

Annonse

Oskar, på det tidspunktet 30 år, gjorde derimot meir enn å vere programvert frå stovekroken. Han kunne gjerne ta med seg ein bandopptakar rundt i nærområdet og gjere intervju og ulike opptak i felten. I tillegg var han stadig på farten med sitt «Ohm-meter» for å kontrollere om det var blitt kortslutningar på nettet.

– Det skjer gjerne når folk brukar ein ekstra jordleidning, og det likar ikkje Oskar. Då blir det ein stygg dur i radioen, som irriterer fagmannen.

Hans store kapasitet og lidenskap for radiohobbyen gjorde at han i jula 1955 slo alle rekordar med eit program som varte frå klokka 19.00 julekvelden og heilt fram til klokka 17.00 første juledag.

– Det hadde kosta han seks veker med førebuingar, men så omfatta det 38 programpostar, som alle kunne følgje i det trykte programheftet dei fekk tilsendt gratis.

At Oskar tok så hardt i, var også for å markere femårsdagen for opninga av Rabba Calling, som hadde si første sending julaftan 1950 – då for cirka 100 lyttarar. Det heile begynte med at Oskar og eit par venner rigga i stand eit lite sendeanlegg over hesjetråden, men etter kvart hekta fleire og fleire seg innpå.

«I begynnelsen brukte man også bare en enkelt tråd og vasken som jordledning. Men i dag har Oskar for lengst påbudt dobbelt tråd, med isolasjon frå husgavlen og inn til radioapparatene.»

At lokalbefolkninga sette stor pris på tilbodet, var det liten tvil om. Eitt år samla dei 600 kroner til Oskar, og då han brukte alle pengane på utstyr, gjekk dei like godt saman og gav han eit gåvekort på klede i tillegg.

Neste artikkel

Norske insekter slår an i utlandet