Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Insekt i svime gjev svar på det skjulte livet i askekrona

Ved å få insekt til å svime av, finn forskarane ut kva slags liv det er i asketre.

Denne artikkelen er en del av Veksttorget som er et samarbeid mellom Nationen, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norsk Landbruksrådgivning. Denne saken er skrevet av Siri Elise Dybdal, kommunikasjonsrådgiver i Nibio.

Askeskotsjuka trugar norske askeskogar. Dette kan ha følgjer for artsmangfaldet mellom anna for insekt som er avhengige av ask. Men vi veit lite om insekta som har tilhald i ask. Gjennom å gasse asketre slik at insekta dett ned, skal forskarane studere artsrikdommen nærare.

– Då set vi i gong, ropar biolog og insektekspert Karl Thunes frå Nibio og drar på seg vernemaska. Han er klar til å gasse eit asketre slik at insekta i trekrona skal svime av og dette ned. Forskaren startar opp tåkesprøyta og ei stor kvit sky skyt ut og følgjer stammen opp før ho legg seg rundt trekrona. Spesiallaga nett heng klare til å ta imot fangsten. Og det tar ikkje lang tid før det byrjar å drype småkryp.

Brukt i Sør-Amerika

Mangfaldet av insektartar i tre er samansett og varierer frå treslag til treslag. Nokre insekt finst berre på eit spesifikt treslag. I tillegg lever det sopp og bakteriar som er assosierte med desse insekta på trea, forklarer Thunes.

• Les meir: Finland opnar opp for insekt som mat

Gassing av tre er ein metode som er mykje nytta for å studere insekt i regnskogen i tropane, men er relativt ny i Noreg.

– Dette er ein metode vi har tatt frå tropane og tilpassa norske forhold. Det høyrest kanskje dramatisk ut, men det er slik at mange insekt oppheld seg i trekrona og ved å sende opp eit mildt insektmedel får vi ein «knock-down»-effekt som gjer at insekta dett ned. Metoden gjev eit godt tidsbilete på kva slags artar som er i treet på dette tidspunktet, opplyser Nibio-forskaren, men legg til at ver og vindforhold vil spele inn på kva ein finn.

Nye artar for vitskapen

Tidlegare har forskarane brukt metoden til å undersøke furu og eik på ulike lokalitetar i Noreg.

– På furu fann vi meir enn 100 artar som var nye i Noreg og ni som var nye for vitskapen. På eik var det noko færre artar, men 21 var nye arter som ikkje var omskrivne. Vi kan vere ganske sikre på at ein del av dei vi no har samla frå ask også er artar som ikkje er skildra. Det vi ynskjer å gjere er å kartleggje artsmangfaldet - det skjulte livet. Det store målet er å finne ut kva vi faktisk har av insekt på tre her i Noreg, seier han.

«Askeskogen er i tilbakegang i Noreg på grunn av askeskotsjuka.»

Annonse

• Les og: Professor: – Vi spiser en kilo insekter i året

Veit lite om ask

Ifølge Thunes er ask eit av trea vi veit minst om når det gjeld insekt:

– Ask har nok ikkje vore sett på som like viktig som ein del andre treslag fordi det ikkje er eit økonomisk viktig tre så som gran, og heller ikkje så artsrikt som eik.

Men ask har kome i fokus dei siste åra fordi den står i fare for å gå sterkt tilbake. Askeskotsjuke, ein asiatisk sopp, har spreidd seg med høg hastigheit i store delar av Europa. No har sjukdomen også fått godt fotfeste i Noreg, og ask er ført inn på den nasjonale raudlista som sårbar.

• Les meir: Sykdom dreper trær langs norske elver

– Askeskogen er i tilbakegang i Noreg på grunn av askeskotsjuka. Det gjer det endå meir viktig å finne ut kav slags artar som lever i og på ask – og kva slags artar som står i fare for å forsvinne, seier Thunes.

Ressursar for framtida

Nibio-forskaren meiner vi har ei moralsk plikt til å ta vare på naturen og kartleggje den for å finne ressursar som kan bli nyttige i framtida.

– Trekronene er som djuphavsområda. Mykje er ukjent og vi har berre skrapa overflaten når det gjeld artsmangfaldet i skogen vår her i nord. Alle artane har ein funksjon og er ein del av balansen, påpeikar han.

Neste artikkel

Vil avle fram gris som tåler norsk fôr