Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hyller den norske sanke- tradisjonen

Skal du forsyne deg av det store matskapet i naturen må du kaste deg rundt. Har du ikkje gjort dette før, er det mange tips å hente frå dei erfarne.

Ein lidenskap: Villmarkskokk og forfattar Kirsten Winge elskar å plukke bær, sopp og andre vekstar i naturen. No har ho skrive «Den store høsteboka» som ein hyllest til den norske sanketradisjonen. Alle foto frå boka: Arne Nohr

«Den store høsteboka» av Kirsten Winge er no på marknaden. Forfattaren er også biolog, jeger og anerkjend villmarkskokk. Ho kjem med nyttige tips til både ferskingar og pasjonerte sankarar, og hyllar den norske sanketradisjonen.

– Eg lir av sankesjuka. Eg elskar på plukke bær og andre vekstar. Mykje bær og mange vekstar! Og mange ulike sortar. Eg slappar fullstendig av og kosar meg når eg driv med dette, fortel Kirsten Winge i boka. Ho brukar ikkje alt ho plukkar sjølv, men gir gjerne bort til andre. Mykje blir til ulike produkt på blant anna glas og flasker.

Les også: Jeg velger meg høsten

Oppskrifter

Moltegløgg

1 l molter (850g)

1 l vatn

5–6 nellikspikar

0,25 ts. malt nellik

0,25 ts. malt ingefær

0,25 ts. kardemomme–gjerne kardemommekjerner/kardemommefrø

saft av 1 sitron

litt sitronskal

Blant alt i ein kasserolle og kok opp. La det trekke i 10–15 minutt, og sil av safta. Dette blir ca 1,2 liter. Tilsett sukker etter smak (til dømes 3 dl til denne oppskrifta). Gi gløggen eit oppkok, og hell han på reine flasker.

Dette blir eit konsentrat som kan blandast ut med vatn til ønskt styrke (til dømes like mengder gløgg og vatn). Ønskjer du alkohol i moltegløggen, kan han blandast med like mengder halvtørr kvitvin.

Tyttebærsmør

100 g romtemperert smør

1 ss. tyttebær

1 ts. sukker

1 ts. finhakka frisk timian

1 ts. finhakka frisk rosmarin

pepar

Rør saman tyttebær og sukker, og bland deretter saman alle ingrediensane. Smak til med pepar. Bruk matpapir eller plastfolie og lag ei pølse av smøret. Oppbevar kjølig før servering.

Tyttebærsmør kan brukast som tilhøyr til steikt kjøt.

Mjødurtsaft

50 friske blomstertoppar av mjødurt (ca 300 g)

2 sitronar

2 kg sukker

2 l vatn

Ca 23 g sitronsyre (1 pose)

Kok opp vatn, og tilsett sukker og sitronsyre. Rør til alt er oppløyst. Legg blomane i ein glasbolle saman med sitronskiver, og hell over den oppkokte sukkerblandinga. Sett bollen kjølig i 2–5 dagar. Sil safta av, og hell ho på reine flasker.

Konsentratet blandast med vatn eller Farris i forholdet 1:6, eller til den konsentrasjonen du ønskjer. Mjødurtsafta kan lagrast ei veke i kjøleskap. Frys ned konsentrat, og ta opp etter kvart. Dette er ein god sommardrikk og velkomstdrink.

Ryllikrømme

1 dl seterrømme

1 dl matyoghurt

1 dl vispa kremfløyte

1 syrleg, rive eple

1 dl finhakka friske ryllikblad

litt finklipt grasløk

litt saft av pressa sitron

grovmalen pepar

Blant rømme, yoghurt og krem, og tilsett dei andre ingrediensane. Smak til med sitronsaft. Sett dette kaldt slik at smakane får sett seg. Ha på pepar før servering. Dette er godt tilhøyr til silderetter, makrell og spekeskinke.

Sanketradisjonen er lang i Noreg, men det er nok færre og færre nordmenn som driv matauk i naturen. Vi får jo stort sett kjøpt det meste av det vi treng i butikken no til dags! Hausting av smaksrike bær, sopp og ville vekstar kan likevel gi oss både trim, frisk luft, gode stunder og naturopplevingar – og ikkje minst gode måltid seinare.

Sanke- og mattips

Kokken og sankaren Kirsten Winge ønskjer å dele kunnskapen og erfaringane sine med andre. Og ho gir oss dei beste haustetipsa sine. Saman med tipsa byr ho på ein del metodar og framgangsmåtar, kanskje med ny vri, og mange spesielle oppskrifter. Hundre til saman av både mat og drikke. Bileta i boka, som er tekne av Arne Nohr, er ikkje med berre for å freiste oss, men også for å vise artskjenneteikn.

Forsyn deg nesten over alt

Allemannsretten gir oss rett til å ferdast fritt i naturen. Vi kan fritt plukke blomar, etande vekstar, bær og sopp i utmarka utan å hente inn løyve frå grunneigar.

På innmark må du derimot ha løyve frå eigar før sanking. Tapping av sevje og plukking av nøtter kan du heller ikkje gjere før grunneigar har gitt deg lov. I Troms og Finnmark gjeld dette også for molteplukking. Freda artar og sjeldne artar skal ikkje rørast. Plukk heller ikkje artar som er utryddingstrua.

Eg slappar fullstendig av og kosar meg når eg driv med dette.

Annonse

I reservat, nasjonalparkar og verneområde gjeld spesielle reglar.

Ei travel tid

Sesongen for hausting er ofte hektisk og intens. Sjølv om han kan byrje tidleg med eit par bærsortar du kan plukke om våren (einebær og tranebær), og varer til seinhausten, skjer likevel det meste frå juli til september. Då modnar dei fleste bær, vekstar og sopp.

– Min haustesesong startar i april eller så fort snøen forsvinn frå dei endelause myrane her eg bur i skogen i Trysil. Då er det tranebær som skal fylle bøttene mine og bli til mange spennande produkt og smakar. Eg avsluttar gjerne med krekling, tyttebær og traktkantarellar på seinhausten. Einebær plukkar eg heile året, fortel Winge.

– Kom dykk ut!

– Inviter kjærasten på bærtur eller sopptur, eller kanskje på ramsløkfangst om våren. Ta med syklubben, vinklubben eller vennegjengen på sanketur. La dette blir ei hyggeleg oppleving som kan halde fram på kjøkenet med å lage til mat av det de har sanka, oppfordrar Kirsten Winge oss i boka.

Og dersom du går aleine – og ikkje vil dele den hemmelege moltemyra eller kantarellstaden med nokon – så sei likevel ifrå kvar du går til nokon du kan stole på. Kvart år er det nemleg nokon som går seg bort eller er uheldige og treng hjelp når dei er ute på tur.

Neste artikkel

Stolte steinbygg i kystlandskapet