Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Film skal få fart på folkedansen

Songleikar og andre typar folkedansar har djupe røter i norsk kultur, men fleire stader er det ikkje lenger så mange som kan læra bort dei tradisjonelle folkedansane.

Dansefilmane er viktig både for å inspirera fleire til å dansa folkedans og for å ta vare på den immaterielle kulturarven som folkedansen representerer, meiner initiativtakaren Halldis Folkedal. Her frå opptak i Hellesylt i Møre og Romsdal. Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

Over 70 fengjande opplæringsfilmar på nettet skal retta på dette.

Ved å klikka seg inn på nettsida folkepedia.no, kan små og store læra seg både enkle og avanserte folkedansar steg for steg heime i si eiga stove. På Spotify er det dessutan laga eigne lister med musikk som passar til dei ulike dansane.

Det er Noregs Ungdomslag som står bak tiltaket. Prosjektet har gått føre seg i rundt to år. Organisasjonen har også tidlegare laga undervisningsfilmar, men i dei nye dansefilmane er det barn og ungdom som er læremeistrar og dansepedagogar. Det er spesielt også i nasjonal samanheng.

I dag er folkedansen heilt avhengig av eldsjeler.

Halldis Folkedal, tidlegare styreleiar for Dans i skulen

– Unikt i Noreg

– Folkepedia er først med dette i Noreg, seier initiativtakaren Halldis Folkedal (34). Ho er sjølv folkedansar og lektor i dans.

Saman med den prislønte filmskaparen Jørn Nyseth Ranum og eit filmteam, har ho reist land og strand rundt og filma barn og unge som dansar og presenterer folkedans.

– Eg trur det er mykje meir fengjande at ungane sjølve formidlar enn at eg som vaksen skulle stå og undervisa, seier ho.

Målet er å spreia folkedansen til nye målgrupper og at fleire unge skal oppdaga gleda ved å dansa.

Danseopplæringsfilmane inneheld mange flotte motiv og mykje fin musikk. Her frå innspeling i Sykkylven i Møre og Romsdal. Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

Gode tilbakemeldingar

Halldis Folkedal frå Hardanger voks sjølv opp med folkedans. I dag er ho den første og einaste folkedansaren i Noreg med praktisk pedagogisk utdanning frå Kunsthøgskulen i Oslo. Som kurator og ansvarleg for det pedagogiske og kunstnarlege i dansefilmprosjektet ivrar ho for at fleire unge skal oppdaga folkedansen og gleda ved å dansa.

For Halldis og teamet hennar har det vore viktig at dansefilmane skal vera proffe, fengjande og ha eit individuelt særpreg. Tilbakemeldingane er lovande. Ikkje minst er det mange lærarar som har teke filmane i bruk. Også mange danseinstruktørar har oppdaga dansefilmane.

Folkedal håpar også at ein del ungdommar ser filmane på nettet og lærer seg dansane direkte – utan å gå via danselærar.

– Vil visa mangfaldet

Gjennom dansefilmane ønskjer Halldis Folkedal å gjera folkedansen meir synleg og løfta fram det store mangfaldet innan danseforma.

Annonse

– Eg vil både gjera folkedansen meir synleg og normalisera han litt, seier ho.

For unge som driv med folkedans trur ho det er viktig å sjå at andre unge gjer det same. I dei rundt 70 filmane møter vi barn og ungdom frå ulike delar av landet, i by og bygd.

Spennvidda i dansane er stor frå enkle songleikar og songdansar til meir avanserte folkedansar med krevjande sprett og hopp.

– Reddar tradisjonar

Folkedal meiner opplæringsfilmane også er viktig for å ta vare på den immaterielle kulturarven som folkedansen representerer. Nokre stader skal det lite til for at denne kunnskapen går i gløymeboka.

– Eg trur den største skilnaden no og for berre nokre få år sidan er at det er færre som kan undervisa i folkedans. Folkepedia er eit viktig bøtemiddel for dette, seier ho.

Ho peikar på at det i dag også er langt færre barneleikarringar enn tidlegare, og at folkedansen stort sett er fråverande i kulturskulane.

– Ei undersøking eg var med å laga for nokre år sidan viste at det berre var berre 4,4 prosent folkedans i kulturskulane, seier ho.

Som tidlegare styreleiar for Dans i skulen ivrar Halldis Folkedal også for at folkedans og dans generelt bør inn i skulen.

– I dag er folkedansen heilt avhengig av eldsjeler, seier ho.

«Eg vil både gjera folkedansen meir synleg og normalisera han litt.»

Halldis Folkedal, initiativtakar til nettsida folkepedia.no

Den store draumen

Går det som Halldis Folkedal og Noregs Ungdomslag håpar på, kan opplæringsfilmane vera med å retta på dette og bli starten på ei større satsing. Planen er at filmane skal bli ein del av ein eigen ein portal for folkedans og folkemusikk.

Draumane for prosjektet er mange, men det viktigaste er at filmane blir brukt.

– Den store draumen er eigentleg berre at folk skal sjå filmane, byrja å dansa og oppsøkja andre som dansar.

– Kva seier du til dei som meiner dei ikkje kan dansa?

– Eg trur alle kan dansa og at sperrene berre er psykisk. Du må berre prøva. Med desse filmane kan du vera i eit rom og øva for deg sjølv. Å dansa saman med andre er likevel ein del av gleda med folkedans, seier Halldis Folkedal.

I dansefilmane blir folkedansane vist fram overalt. Eit viktig mål er å gjera folkedansen til noko naturleg i kvardagen. Her frå Hellesylt i Møre og Romsdal. Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

Neste artikkel

Kjølmark gjør kål på avlingene