Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit hus for sankaren

Kan livet på landet levast ved byen? Ja, trur paret som byggjer og bur i gammal stil ved ein av dei største byane i Noreg.

Stine Malterud Johansen lever ut den landlege draumen sin i eit hus frå 1940-talet. Både pynting og sanking av gode frå naturen er ein del av livsstilen. Alle foto: Heiko Junge / NTB scanpix

«Aldri hadde prinsessen sett så mye myrull før», skreiv Theodor Kittelsen under biletet han malte frå eventyret om dei tolv villendene. Prinsessa lèt ikkje myrulla stå; ho sanka og jobba og klarte med det til slutt å redda både seg sjølv og brørne frå død og forbanning.

Den flittige jenta blei kopiert inn på dørspegelen på kjøkkenet, av mor til Stine Malterud Johansen. Den gongen budde heile familien framleis under same tak. No er det Stine og mannen som har teke over, og som dyrkar eventyret om eit liv på landet. Måleriet er framleis på døra, til inspirasjon for stilen og livet som familien lever i og rundt huset.

Frodig

30 høner, tre ender, katt og kaninar skaper liv på tunet framfor det kvite huset som har stått der sidan 1940-talet. For Stine tek sankinga aldri slutt. Ho plukkar egg i hønsegarden, blomar, bær og grønsaker i hagen, kongler, granskot og einer i skogen, mose og myrull frå hytta på fjellet og korn frå gardar som ligg til slekta. Fangsten hamnar i eige kjøkken, blir foredla og gjort om til gåver eller til varer som blir selde i gardsbutikken.

– Eg har starta på juleneka og er heilt nomen i fingrane etter all plukkinga, ler Stine på veg ut i den frodige hagen.

Sjølv om tørken i sommar la ein dempar på vegetasjonen, lyser blomane mot oss i kraftige seinsommarfargar frå bed på alle kantar. Det er gul og oransje blomkarse, lilla og djupblå erteblomar, rosa solhatt og mørkeraud rips.

Inne set sankinga sitt preg på interiøret. Eit overdådig bord er dekt av frukt og blomar frå hagen, supplert med godsaker som i god, gammal tradisjon både er til pynt og til å eta opp. Kongler finst som krans og pynt på fat og i vindaugskarmar, men tel du pyntegjenstandar, er det ikkje sikkert du finn fleire enn i andre heimar. Det meste av pynten blir skifta ut med årstidene. Der det no står pelargoniaer og lyng, blir det sviblar og amaryllis til jul.

– Eg likar både mykje og lite, seier Stine, som brukar store deler av fritida på hus og interiør. Ved sida av jobben som pedagogisk leiar i ein barnehage driv ho også gardsbutikk på deltid saman med systera si.

Eg likar å ha ein stil som passar til huset. Det er frå 1940-talet, og då passar det ikkje så godt med moderne ting.

Stine Malterud Johansen

Fornya

Romma i huset er store og ryddige og har relativt få møblar. Alle veggene i huset og taka er kvite, og golva er lys grå, anten dei er malt eller flislagd med historiske fliser. Lausøyre, rot og duppedittar er stort sett stuva inn i skap eller på eit ''guterom'' i andre etasje. Møblane er nøye valt ut, frå arv, loppemarknader eller andre stader der ein kan finna ting som anten er gamle eller berre ser gamle ut.

Sjølve bygningen er det ikkje gjort nokon dramatiske endringar på, men kjøkkenet er opna opp, badet er fornya og inngangspartiet er kraftig utvida. Her er det lagt inn skapplass i veggene, med dører med kantar som ikkje er hundre prosent straumlinjeforma, slik at det ser ut som dei har vore der ei stund.

– Eg likar å ha ein stil som passar til huset. Det er frå 1940-talet, og då passar det ikkje så godt med moderne ting. Eg er svært glad i interiør, og likar mange ulike epokar, men her er det huset som set stilen, seier Stine.

Trekk og kulde var derimot ikkje noko dei ville spara på. Huset er etterisolert, rom for rom, og no er runden snart ferdig. Entreen har fått varme i golvet – Ei kjærkommen fornying for den som har opplevd at støvlane til tider har frose fast der inne.

Huset er omtrent som før, men med lysare fargar. Ein vegg er borte mellom kjøkkenet og stova, og bordet er det første auga møter.

By og land

Annonse

Eigentleg bur paret berre ein kort tur frå Drammen, det femte største byområdet i Noreg.

– Eg har aldri budd på gard, men alltid drøymt om det, seier Stine. No er ho så nær ho kan koma, sjølv om omgjevnadene best blir karakterisert som villastrøk og ein kan ta ein bytur på kort varsel.

Draumen om gard og landsliv er utbreidd i urbane strøk, men for Stine har livet på landet også vore ein del av det verkelege livet. Med gardsdrift i slekta har ho eit ekte forhold til dyrking, hausting og praktisk arbeid. Det kan ein sjå både i drivhuset og i gardsbutikken – bognande av agurk og tomatar, vinranker, blomefrø til tørk og mengder av varer, både innkjøpte og sjølvlaga.

– Eg likar å halda på med noko, og eg likar å vera ute. Om sommaren går eg helst ikkje inn før det er mørkt. Livet her handlar mykje om å vera sjølvberga med ein del ting. Og så handlar det om å få ro, og kanskje ikkje alltid ha så mange menneske rundt seg, seier Stine.

Besøk

Med eit ellevilt liv på tunet heime blir det likevel ikkje stille. I barnehagen ho arbeider i, har Stine eit sterkt kort på handa med høns og kaninar. Det er ikkje sjeldan barna tek turen for å sjekka tilhøva. Også barna til søstera, annan familie og venner dukkar ofte opp spontant, eller når dei har noko å bidra med, til dømes matrestar som dei kan gje til hønene.

Og blir det til eit skikkeleg selskap, er Stine i sitt ess. Då skal det pyntast, og det skal bogne av mat.

– Det er ille om det er for lite. Det må vera masse, og det skal vera gjort skikkeleg i stand. Eg må jo ha nokre selskap, eg som er så glad i å pynta!

Huset på Konnerud utanfor Drammen har alt som pregar landleg idyll. Over inngangspartiet er initialane til paret skorne ut.

Pynt med det du finn

Å blande foredla blomar med ting ein finn ute, er ein god idé, synest blomedekoratør Anne Stine Baumann Frost. Ho driv Havnehaven blomsterverkstad i Asker og brenn for kortreist og berekraftig dekor.

– I dag importerer vi store mengder blomar og grønt som vi lett kunne erstatta med ting vi finn i hagar og kratt. Mykje av det som kjem frå utlandet, er standardisert, med rette stilkar og like storleikar. Blomar frå eige bed har litt meir sjel; dei har eit anna bladverk og større variasjon. Blomar og vekstar som er heilt ville, kan også vera eit flott tilskot til blomar du har kjøpt i ein butikk.

Fleire råd frå blomedekoratøren

• Kombinerer vilt og foredla, men gjer det bevisst. Vil du ha ein dekorasjon frå skogen, så la det meste av materiala koma frå skogen.

• La roser, nellik eller gerbera få følgje av grønt du plukkar sjølv, som bregnar, strå eller blåbærlyng. Bringebærris får ein nydeleg raudfarge om hausten.

• Klematis, kaprifol og liknande ranker frå hagen kan også kombinerast med kjøpeblomar som roser.

• Grønt med bær på kan bli nydelege dekorasjonar.

Neste artikkel

Hva er mest klimavennlig: Gamle hus eller nybygg?