– Vi er ein dyrevernorganisasjon. Vi er fire som no vart dømt, men det er fleire som jobbar med undersøkingane, og vi går inn i dette solidarisk. Difor bidreg andre grupper og organisasjonar for at vi skal kunne betale, seier Rune Ellefsen (41), ein av dei dømte.
Dømt for innbrot i pelsdyrfarm: – Pelsdyroppdrett er ekstra meiningslaust
Rune Ellefsen og tre andre pelsdyrmotstandar er dømt til å betale en halv million etter innbrot på ein minkfarm. No tel han og dei meddømte på knappane om dei skal anke.
Pelsdyrmotstandar: Rune Ellefsen likar ikkje å bli kalla pelsdyraktivist, han føretrekkjer å kalle det frivillig arbeid for dyrevelferd. I Gulating lagmannsrett vart han og tre andre frå Nettverk for dyrs frihet dømt til å betale ein pelsdyrfarmar over ein halv million i sakskostander og dekking av utgifter etter at dei for fire år sidan braut seg inn på farmen. Foto: Ketil Blom Haugstulen
Neste artikkel
Tidligere Nortura-rådgiver bøtelagt for dårlig dyrevelferd