Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den spreidde jords logikk

I få land er eigarskapen til jord og skog spreidd på så mange hender som i Norge. Eigedomsreglar har hindra framvekst av ein jordadel, men vil lemping på reglane sikre sjølveigande bønder i framtida?

Lise og Gustav Thorsø Myr har tradisjonelt vært Høyrevelgere, men er skuffet over sitt gamle parti. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Thorsø, Fredrikstad. – Skal vi ha to?

Rafal Wapniarski svingar den grøne John Deere'n inn på tunet og held spørjande to fingrar ut den opne døra i det traktoren passerer Gustav Thorsø Mohr (63). Traileren med to nye Keenan fullfôrsvogner står klar til avlessing framfor den snart hundre år gamle svære driftsbygningen.

– Nei, berre ein, svarar Gustav.

– Vi ville overraske han. Vi har ikkje sagt at vi skulle kjøpe ny, supplerer Lise Thorsø Mohr (60) smilande.

Investeringar til 400.000 kroner er ikkje kvardagskost, sjølv på eit av landets største gardsbruk. Gustav seier dei fekk ein god pris.

– Den gamle frå 2003 er totalt utsliten, seier han.

Annonse

Svært få storgods

Thorsø Herregård ligg bada i sol på ei halvøy søraust for Fredrikstad, vel ei mil frå svenskegrensa i luftlinje. Med 1400 mål jord og beite og 12.500 mål skog og utmark er eigedommen omtrent det næraste ein kjem eit storgods i Norge.

Du blir videresendt til resten av saken.

Neste artikkel

OVFs tomtefestekjør