Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

WWF går til sak mot staten for å redde ulven

WWF Verdsnaturfondet går til sak mot staten. Dei krev ny ulveforvalting.

WWF går til sak mot staten for å redde ulven. Her ser me miljøpolitisk leiar Ingrid Lomelde. Foto: WWF Verdens naturfond/Ivan Tostrup

– Nok er nok. Vi har prøvd alle andre verkemiddel. Ulvejakta er lovstridig og må stoppast før det er for seint å redde ein kritisk truga art, seier miljøpolitisk leiar Ingrid Lomelde i WWF i ei nyheitssak på heimesidene deira.

WWF meiner ulveforvaltninga er i strid med både Grunnlova, naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen.

Les òg: Ulv og prinsipper

No vil dei at domstolane skal avgjere om forvaltinga må endrast. I tillegg til krav om at norsk ulveforvaltning må ta omsyn til nasjonale lover og internasjonale forpliktingar, krev WWF også mellombels rettsavgjerd for å stoppe ulvejakta i år.

– Vi kan ikkje lenger sitte og sjå på at styresmaktene tillèt lovstridig jakt på vårt mest truga rovdyr. Vi har derfor sendt ei stemning til Oslo tingrett. Å saksøkje staten er eit alvorleg skritt å ta, som også kan bli økonomisk risikabelt for oss, men jakta i år er allereie i gang og vi kan ikkje vente til enda fleire ulvar blir skotne og drepne, seier Lomelde.

Annonse

Les òg: Regjeringen sier nei til å kjøpe rovdyrkvoter fra Øst-Europa

Organisasjonen har òg starta ei innsamling for å finansiere rettssaka. I skrivande stund er det kome inn nær 18.000 kroner.

Norske rovviltstyresmakter har vedtatt at totalt 50 ulvar kan skytast i Noreg i vinter.

I første omgang er det ulvane som lev utanfor ulvesona som kan skytast. Lisensjakt på ulv starta 1. oktober, og så langt er seks ulvar skotne.

Neste artikkel

Riksrevisjonen er ikke fornøyd med NIBIOs økonomistyring