Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vestlandet blir nytt fylkesnamn i vest

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland vedtok fredag at dei vil kalle det nye fylket for Vestlandet. Fylkestinga har vore samla i Gulen i Sogn, og dei to fylkestinga gjorde likelydande vedtak om det nye fylket, som trer i kraft 1. januar 2020.

Frå drøftingsmøtet som fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland heldt i Gulen fredag. Dei blei mellom anna samde om at namnet på det nye, samanslåtte fylket skal vere Vestlandet. Foto: Hordaland fylkeskommune

Dei to fylkestinga har mellom anna vedteke at dei ønskjer Vestlandet fylkeskommune som namn på det nye fylket. Dei har også gjort vedtak om at det nye fylkestinget skal ha 65 medlemar, og dei har sett ned ei fellesnemnd som skal leie prosessen vidare.

Endeleg i mål

– Dette er ein historisk og gledeleg dag. Etter ein lang prosess er vi endeleg i mål, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland etter møtet fredag.

Ho fekk støtte frå kollega Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

– Dagen i dag handlar om framtida, om å sjå framover. Stortinget har bestemt at Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli slått saman. No skal vi byggje eit vestland som skal bli godt for framtida, sa Følling.

Fylkestinga vedtok både samansetjing av og reglementet for fellesnemnda.

Fellesnemnda trer i kraft

Annonse

Den utnemnde fellesnemnda skal i hovudsak planleggje og førebu samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland. Ei av dei viktigaste oppgåvene til fellesnemnda vert å førebu arbeidet med budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020–2023.

Fellesnemnda fungerer fram til det første fylkestinget for den nye fylkeskommunen vert konstituert, innan utgangen av oktober 2019.

Fellesnemnda er sett saman av fylkesutvala i dei to fylka, med til saman 24 medlemar, 15 frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane. Nemnda konstituerer seg sjølv og vel leiar og nestleiar, men fylkestinga har slått fast at ho skal ha leiar frå Hordaland og nestleiar frå Sogn og Fjordane.

Neste artikkel

Sandberg i ny fiskefeide på Stortinget