Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sandbergs etterfølgjar: – Eg ønskjer å sjå framover

Den nye fiskeriministeren, Harald Tom Nesvik (Frp), vil leggja bråket rundt forgjengaren bak seg, og er klar til å tenkja på fisk 24 timar i døgnet.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) om bord på fiskebåten Brennholm under Arendalsveka. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Nesvik var onsdag på det første offisielle oppdraget sitt, etter at han i starten av veka tok over for Per Sandberg (Frp). Då hadde det allereie storma rundt den tidlegare fiskeriministeren i lang tid.

– Eg ønskjer å sjå på det positive. Oppgåva mi er å sjå framover, ikkje på det som har vore. No er eg utnemnd som fiskeriminister, og eg skal tenkja på fiskeri 24/7, sa Nesvik då han troppa opp på sildefest i regi av Pelagisk foreining under Arendalsveka.

Tidlegare har Nesvik vore parlamentarisk leiar for Frp på Stortinget, og er vand til å rettleia partikollegaene om korleis dei skal følgja parlamentarisk praksis. På spørsmål om kva han synest om presseseansen til Per Sandberg kvelden i førevegen, der forgjengaren langa ut mot media, svarte Nesvik dette:

Annonse

– Det som skjedde i går var i alle fall ikkje parlamentarisk praksis.

Nesvik karakteriserer ministerposten han no har fått som «draumejobben».

– Fiskerinæringa er den mest fantastiske og framtidsretta næringa Noreg har. Eg vil at eg skal bli hugsa som ein sjømatminister som tek heile landet i bruk. Som legg tilhøva til rette på ein langsiktig og føreseieleg måte, slik at næringslivet kan skapa verdiane som vi skal leva av i framtida.

Neste artikkel

Dales habilitert vurdert – kan bli inhabil i flere saker