Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa kuttar nynorsk-støtte – igjen

Enda ein gong kuttar regjeringa hardt i tilskotet til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) i framlegget til statsbudsjett for 2018.

For femte året på rad ser regjeringa bort frå interessene til dei som bruker nynorsk, meiner Ottar Grepstad om framlegget til statsbudsjett for 2018. Foto: Lars O. Flydal / Nynorsk kultursentrum

Det nærmar seg ein farse, meiner Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum.

Under dei blå-blå har stortingsfleirtalet kvart år sørgd for at LNK har fått vidareført driftstilskotet. På budsjettet for i år fekk organisasjonen til sist 1,5 millionar kroner i statstilskot, slik dei hadde søkt om, men det skjedde først etter komitebehandlinga i Stortinget.

I budsjettframlegget for 2018 har regjeringa sett av berre 310.000 kroner i tilskot til LNK. Kvart år sidan 2014 har Stortinget måtta sørgje for å få på plass tilskotet til LNK.

– No må vi be om hjelp frå Stortinget igjen, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland i LNK.

Barne- og ungdomssatsing

Pengane går mellom anna til drifta av den ungdomsretta nettavisa Framtida.no, som LNK driv i samarbeid med ABC Startsida. LNK driv òg skulenettavisa Magasinett og kulturavisa for barnehagetilsette Pirion etter avtale med stiftingane som eig dei.

Det er særleg desse barne- og ungdomstilboda som blir ramma om støtta forsvinn, men òg kursverksemd og anna språkarbeid som LNK driv inn mot dei 123 medlemmene i organisasjonen.

• Les meir: – Partia meiner lite om bokmål og nynorsk

Kritisk kan det òg bli for nysatsinga Framtida junior, ei nynorsk nettavis for barn i alderen 7 til 13 år. Den har LNK planlagt å lansere neste veke.

– Eit kutt i statsstøtta kjem på eit verst tenkjeleg tidspunkt når me satsar så tungt på noko som vil vere så viktig for bruk av nynorsk blant barn og unge, seier Høviskeland.

– Ein farse

Annonse

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum meiner dei faste LNK-kutta nærmar seg det parodiske.

– Eg håper Stortinget ryddar opp i den årvisse runden om løyving til Landssamanslutninga for nynorskkommunar før det blir ein farse, seier Grepstad.

Han er glad for at regjeringa går inn for å løyve 6 millionar kroner til oppdatering av Nynorskordboka og Bokmålsordboka, men skuffa over at det heller ikkje denne gongen er sett av pengar til vidare utvikling og digitalisering av Norsk Ordbok.

• Les meir: Dale vil ta støtta frå frivillige organisasjonar

– Dette er det femte statsbudsjettet regjeringa Solberg legg fram, og for femte gong ser regjeringa bort frå interessene til nynorskbrukarane, slår Grepstad fast.

– Utan visjonar

Noregs Mållag ønskte seg ein ekstra million til styrking av arbeidet for nynorsk i år, men har ikkje vorte høyrt i budsjettframlegget.

Leiaren i Mållaget Magne Aasbrenn er òg skuffa over at tilskotet til LNK enda ein gong blir foreslått kutta, og at regjeringa ikkje vil prioritere Vinje-senteret.

– Enda ein gong kjem regjeringa med eit budsjett utan visjonar på vegner av nynorsken. Alt i alt er dette eit budsjett som viser mangel på vilje til å løfte dei gode nynorskprosjekta og såleis hjelpe til med å byggje fleire rom for nynorsken, seier Aasbrenn.

Neste artikkel

Steinar Reiten (KrF)