Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nynorskhovudstaden legg ned nynorskskular

Bergen vil gjerne vere nynorskhovudstad og onsdag gjekk bystyret inn for meir nynorsk i kommunen. Men dagen etter gjekk bystyret inn for å leggje ned to nynorskskular.

Bergen vil gjerne vere nynorskhovudstad og onsdag gjekk bystyret inn for meir nynorsk i kommunen. Men dagen etter gjekk bystyret inn for å leggje ned to nynorskskular. Foto: Gorm Kallestad

Eit stor fleirtal i Bergen bystyre har gått inn for at nynorsken skal styrkjast ved å bruke begge målformene i offentleg informasjon, i politiske saker og i Bergen kommune sin kommunikasjon med publikum.

– Eg synest det er ein djerv og flott ambisjon, men det er for seint å ta vare på nynorsken når nynorsken er forsvunnen, seier Ove Sverre Bjørdal frå Senterpartiet til NRK.

Dagen etter at bystyret utnemnde seg sjølv til nynorskhovudstad, går det same bystyret inn for å leggje ned to av dei fire skulane i bykommunen der nynorskelevar er i fleirtal. Det er berre 2 prosent av skuleelvane i Bergen som har nynorsk som hovudmål.

Paradoks

– Dette er det store paradokset. At Bergen på den eine sida vil slå seg opp som at Bergen skal fronte nynorsken og på den andre sida går ein laus på dei to tyngste attverande skulane som har nynorsk, seier Bjørdal.

Annonse

Nedlegging av Riple skole i Fana og Haugland skole i Arna vil ramme 20 prosent av nynorskelevar i Bergen.

– Det er viktig å sørgje for at nye generasjonar som ønskjer å bruke nynorsk skal ha høve til det. Då må vi faktisk vie nynorsken litt ekstra plass, sa byrådsleiar Harald Schjelderup under bystyremøtet.

Men når skular skal leggjast ned kan ein ikkje ta omsyn til kva målform skuleelevane brukar, ifølgje byrådsleiaren.

– Det kan ikkje vere eit argument når vi skal lage ein framtidig skulestruktur. Det må vere ein litt åtskilt debatt. Men, vi er opptatt av å leggje til rette for at nynorsken skal blomstre i Bergen, seier Schjelderup. (©NPK)

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997