Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NAF meiner fylkesvegane får for lite midlar

Totalt blir potten til vegformål auka med 5 milliardar i framlegget til statsbudsjett for 2018. NAF meiner likevel at fylkesvegane får for lite.

På fylkesveg 51 over Valdresflya risikerer du å møte på ei ku i vegbanen. Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Fylkesvegane får for lite også denne gongen, sjølv om regjeringa innfrir når det gjeld riksvegane, seier Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i medlemsorganisasjonen NAF i ei pressemelding.

• Les også: Dette betyr statsbudsjettet for lommeboka di

Vedlikehaldsetterslepet på riksvegane skal reduserast med 1,3 milliardar, og totalt blir potten til vegføremål auka med 5 milliardar.

– Det er utruleg mykje dårleg veg i Noreg. Folk rundt i heile landet opplever dette dagleg på kroppen, og det skaper utfordringar for framkomst og ikkje minst trafikktryggleik. Distrikta har liten grunn til å juble, og vi hadde venta ei skikkeleg satsing på fylkesvegane no, seier Sagedal.

Annonse

LES ALT OM STATSBUDSJETTET HER

Trafikktryggingstiltak vil få om lag 50 millionar mindre av ein pott på cirka 500 millionar.

– Med denne reduksjonen vil det gå enda saktare å trygge vegane, seier Sagedal.

Neste artikkel

Venstres ordførere delt om regjeringsforhandlinger