Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljøgifta fjellrevar på Svalbard

For første gong er miljøgift registrert hos fjellrev på Svalbard.

Forskarane ved Norsk Polarinstitutt har funne miljøgift i kroppen til revar. Gorm Kallestad / NTB scanpix

Perfluoroalkylerte sambindingar (PFAS) er ei av fleire grupper miljøgifter som mellom anna blir brukt i industrien i elektronikk, brannskum, tekstilar og hydrauliske vesker, fortel Norsk Polarinstitutt.

Forskarane fann at tynne fjellrevar hadde høgare nivå av denne miljøgifta i kroppen enn tjukke og meir velfødde revar. Kva konsekvensar miljøgifta får for fjellreven på Svalbard er førebels uklart.

– I dag manglar vi kunnskap om kva effektar dei høge nivåa av miljøgifter kan ha for bestandsutviklinga hos fjellrev, seier seniorforskar Eva Fuglei frå Norsk Polarinstitutt.

Annonse

Den same miljøgifta er tidlegare funne i blodet hos arktiske artar som isbjørn og krykkje.

Neste artikkel

Fjellrevbestanden i Norge er på vei opp