Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lokalaviser fryktar nye postreglar

Nye postreglar gjer at mange avisabonnentar frå nyttår må vente lenge på få lokalavisa si i posten. Redaktørar fryktar for framtida.

Frå nyttår av vil det ikkje bli skilt mellom A- og B-post, noko som gjer at posten vil bruke to dagar på å nå fram til mottakaren. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Frå nyttår av vil det ikkje bli skilt mellom A- og B-post, noko som gjer at posten vil bruke to dagar på å nå fram til mottakaren. Bengt Flaten, sjef i lokalavisa Fjordingen, seier det er katastrofalt for mange av lesarane deira at A-post forsvinn frå nyttår.

– Fredagsavisa vår blir trykt torsdag, men vil etter nyttår ikkje komme fram til abonnentar andre stadar i landet før måndag eller tysdag. Då har meir enn halve veka gått, seier dagleg leiar og ansvarleg redaktør Bengt Flaten til NRK.

Ein av tre Fjordingen-abonnentar bur ikkje i Nordfjord-regionen, og får avisa tilsendt i posten. – Eg fryktar at vi misser dei som held lokalavisa som brev heimanfrå, og er trufaste abonnentar, seier han.

Les også: Kvikkas – skyteskive for sinte avislesere

Annonse

Bjørn Wisted, fagsjef for næringspolitikk i Mediebedriftenes Landsforening (MBL), stiller spørsmål ved om avgjerdstakarane har skjønt konsekvensane av å kutte A-posten.

– Dersom konsekvenstenkinga har vore til stades, så er eg veldig skremt, seier han.

Pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg seier omlegginga ikkje bør komme overraskande på avisene, og han peikar på at det er blitt ein milliard færre adresserte brevsendingar sidan 1999.

Neste artikkel

Sp-ordfører åpner for å droppe Ap-allianse