Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Landbruksdirektoratet bør flyttast til Jæren

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) i Rogaland har lagt fram ein rapport som konkluderer med at Landbruksdirektoratet bør flyttast til Jæren. Ei flytting vil gi betydeleg verdiskapingseffekt, meiner dei.

Jæren: Der burde Landbruksdirektoratet flyttast, meiner Høgskulen for landbruk i Rogaland, her representert ved Dag Jørund Lønning. Foto: Mariann Tvete

I februar la regjeringa og Venstre fram planar om å flytte 1200 arbeidsplassar ut av Oslo. Tidlegare i vår skreiv alle dei 26 ordførarane i Rogaland under på eit brev der dei bad om at Landbruksdirektoratet blir lagt til Jæren. I mai vart det kjent at HLB, som også held til i Rogaland, skulle lage ein rapport om verdiskapingspotensialet ved å leggje Landbruksdirektoratet til Bryne på Jæren. Denne rapporten er no klar.

«Landbruksdirektoratet bør lokaliserast der verdiskapingseffektane blir størst. Jæren gir stor nærleik til heile verdikjeda i det etablerte landbruket», heiter det i rapporten frå HLB.

I tillegg blir det trekt fram at nærleik til kyst og havområde gjer Jæren til ein gunstig stad å leggje Landbruksdirektoratet.

Den avgjerande grunngjevinga er ifølgje forfattarane av rapporten at nærleik gir meir kunnskap, tettare og oftare kontaktar og kortare avgjerdsprosessar.

Annonse

Arbeidsrapporten konkluderer òg med at eit utflytt Landbruksdirektorat kan bli ein spydspiss i satsing på innovasjon og entreprenørskap.

Arbeidsrapporten er skriven av forskarane Dag Jørund Lønning (red.), Olav Eggebø, Johan Barstad og Rhys Evans.

Neste artikkel

Steinar Reiten (KrF)