Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei unge tek over på Løvebakken

Nordmenn blir eldre og eldre, men stortingspolitikarane blir yngre og yngre. Framfor valet til hausten er det mange kandidatar under 30 år som augnar moglegheita for stortingsplass.

Dei unge er godt representert på stortingslistane. Øvst frå venstre: Mathilde Tybring-Gjedde (24, foto:Oslo kommune/Sturlason) er nummer sju på Oslo Høgres liste, Emilie Enger Mehl (24, foto: Mariann Tvete) nummer to på Sps liste i Hedmark, Tore Storehaug (25, foto: KrF) øvst på KrFs liste i Sogn og Fjordane. Nederst frå venstre: Sivert Bjørnstad (27, foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix) toppar lista for Sør-Trøndelag Frp, Nicholas Wilkinson (29, foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix/ NPK) er listetopp for Akershus SV, og Anna Kvam (22) for MDG i Rogaland (foto: Geir Olsen / NTB scanpix/ NPK).

I 1953 var snittalderen på Stortinget 53,2 år. Sidan den tid har alderen gått jamt og trutt nedover. I inneverande periode er snittalderen 46,4 år, syner tal på heimesidene til Stortinget. Sjølv om det i periodar har svinga noko er tendensen heilt klar, stortingspolitikarane blir yngre. Det er liten grunn til å tru at snittalderen vil gå merkbart opp, for mange unge kandidatar toppar listene framfor valet til hausten. Valforskar Frank Aarebrot trur noko av grunnen kan vere at partia i dag krev mindre politisk erfaring frå eventuelle stortingskandidatar enn ein kravde tidlegare.

Emilie Enger Mehl (fødd 1993) er ei av dei svært unge kandidatane til Stortinget. Ho er nummer to på lista til Senterpartiet i Hedmark - bak partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Mariann Tvete

– Det har nok vore ei utvikling på den måten at politikarar tidlegare måtte engasjere seg i lokalpolitikken og gå vegen gjennom kommunestyre for å få plass på ei stortingsvalliste, seier Aarebrot, som er professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Kandidatane

Nynorsk pressekontor (NPK) har gått gjennom stortingsvallistene til partia Raudt, SV, Ap, Sp, KrF, V, H, Frp og MDG i alle fylke.

NPK har rekna ut snittalderen på alle førstekandidatane til partia i alle dei 19 fylka.

Raudt og Frp er partia med lågast snittalder på førstekandidatane (42år). Høgre er partiet med høgst snittalder på førstekandidatane (51år).

Rogaland er fylket med lågast snittalder på førstekandidatane (37år). Buskerud er fylket med høgst snittalder på førstekandidatane (53år).

Ein gjennomgang av stortingsvallistene som Nynorsk pressekontor har gjort, syner at det er skilnader på kva parti dei unge vel å engasjere seg i. Gjennomgangen syner òg at nokre fylke har langt fleire unge kandidatar enn andre.

Eit naturleg vegval

– Eg trur ungdom i dag er opptekne av politikk på ein annan måte enn tidlegare. Der ein før engasjerte seg ved å bli medlem i eit parti, engasjerer ein seg i dag gjennom kampanjar og protestar, seier Tore Storehaug (25) som er førstekandidat på lista til KrF i Sogn og Fjordane.

Tore Storehaug (i midten) er blant dei yngste kandidatane til Stortinget. Veteranane havna lengre ned på lista. Foto: KrF

Sogn og Fjordane er eitt av fylka med høgst snittalder på førstekandidatane. Storehaug, som er den yngste listetoppen i Sogn og Fjordane, fortel at det har kome heilt naturleg for han å engasjere seg politisk.

– Det å engasjere seg har vore naturleg for meg. Kanskje det har noko med å vakse opp i ei lita grend å gjere? Heilt frå eg var liten var eg vand til at du måtte engasjere deg og ta i eit tak for at ting skal skje – men tar du i eit tak så får du det og til. Frå elevråd og ungdomsråd var vegen kort til partipolitikk, fortel den unge stortingskandidaten.

Fleire av dei unge kandidatane trur unge engasjerer seg meir enn dei er klar over sjølve.

– Det er ikkje så mange unge som elskar å nærlese aviser og høyre Politisk kvarter på radio, men alle ønskjer å ha gode liv, ein god skule, god kollektivtransport og tilgang på rimeleg bustad. Ikkje minst er det stadig fleire som bryr seg om klima. Det er trass alt framtida til generasjonen min dette handlar om, seier Anna Kvam (22), som er førstekandidat på lista til MDG i Rogaland.

Anna Kvam (22) er fyrstekandidat for MDG i Rogaland. Ho trur fleire og fleire unge blir opptekne av klimasaka. Foto: MDG

Rogaland er det fylket der ein finn dei yngste listetoppane. Gjennomsnittsalderen på førstekandidatane her er 37 år.

– Dette handlar nok om tilfelle. Når ein ny stortingskandidat skal sleppe til på listene er det fordi ein annan ikkje ønskjer attval. At det er mange unge på listene i Rogaland no handlar nok om at det er mange ledige plassar på listene, ikkje at det er fleire unge politikarar i Rogaland enn andre stadar, seier valforskar Aarebrot.

Dei yngste finn ein på flankane

Dei to partia med dei yngste førstekandidatane er Raudt og Framstegspartiet. I desse to partia er snittalderen på førstekandidatane 42 år. Partia med høgst snittalder på førstekandidatane er Høgre og Ap. Snittalderen på dei som toppar listene der ligg på høvesvis 51 og 50 år.

Forsking viser at ungdom, i langt større grad enn eldre, bryr seg om saker som ikkje påverkar dei direkte. Ein tredel av sakene som ungdom er opptekne av har ingen direkte påverknad på livet deira.

Frank Aarebrot, professor og valforskar
Annonse

– Store parti som Høgre og Arbeidarpartiet får mange kandidatar inn på Stortinget. Difor er det viktigare for dei å ha kandidatar med røynsle og erfaring. Mindre parti, som til dømes Raudt, får inn mykje færre kandidatar på Stortinget. Difor kan deira lister ha "demonstrasjonskandidatar", altså unge kandidatar med lite erfaring, seier Aarebrot.

Tobias Drevland Lund er toppkandidat for Raudt i Telemark. Med sine 20 år, er han blant dei yngste stortingskandidatane nokon sinne. Partiet er saman med Frp det med lågast snittalder på kandidatane. Foto: Runa Fjellanger / Raud Ungdom

Sivert Bjørnstad (27) er ein av dei unge listetoppane i Framstegspartiet. Han sit i Næringskomiteen på Stortinget i inneverande periode og er førstekandidat for Sør-Trøndelag Frp i neste periode. Han er klar på kvifor Frp er partiet for han.

– Frp er det einaste liberalistiske partiet i Noreg. Partiet som trur på eigne val og avgjerder for enkeltmennesket, seier han.

Sivert Bjørnstad (Frp) vart den yngste representanten på Stortinget etter valnatta 2013. Då var han kun 23 år. No er 27-åringen klar for gjenval. Foto: Kjell Solstad / Creative Commons

Mari Holm Lønseth (26) står på lista til Høgre i same fylke som Bjørnstad. Ho er andrekandidat, men Høgre har i dag to representantar frå Sør-Trøndelag inne på Stortinget, så sjansen er god for at vi finn Lønseth på Stortinget til hausten. Høgre blei partiet for henne etter ein grundig gjennomgang av kva dei ulike partia stod for.

– Eg engasjerte meg i politikk fordi eg ville vere med på å gjere skulen endå betre. Etter å ha lese gjennom fleire program, meinte eg at Høgre hadde den klart beste skulepolitikken, blant anna på grunn av storstilt satsing på lærarar, fortel ho.

Miljø blir viktig

På spørsmål om kva saker som blir viktigast i neste stortingsperiode er dei unge kandidatane noko usamde.

– Utanom klimakrisa blir den største utfordringa dei aukande skilnadene i makt og rikdom. Vi har meir enn nok ressursar til å sikre gode skular for borna våre og ein tryggare alderdom for besteforeldra våre. Men i staden for å bruke ressursane på fellesskapet, gir regjeringa store skattekutt til dei rikaste. Eg vil ta kampen for eit varmt samfunn der vi gjer ting i fellesskap, seier Nicholas Wilkinson (29) som er førstekandidat for SV i Akershus.

Klima er òg viktig for tredjekandidaten til Arbeidarpartiet i Hordaland, Eigil Knutsen (29). Hordaland arbeidarparti har i dag fire representantar på Stortinget, så sjansane til Knutsen er gode.

Eigil Knutsen (29) er tredjekandidat for Arbeidarpartiet i Hordaland. Han har vore vara denne perioden, men ikkje møtt på Stortinget. Foto: Ap

– Kunnskap, arbeid og klima er dei viktigaste sakene for meg, og dei heng saman. Vi må satse på kunnskap for å møte arbeidslivet i framtida, og ein vellukka klimapolitikk vil både redde klimaet og skape nye arbeidsplassar, seier han.

– Forsking viser at ungdom, i langt større grad enn eldre, bryr seg om saker som ikkje påverkar dei direkte. Ein tredel av sakene som ungdom er opptekne av har ingen direkte påverknad på livet deira. Eit døme på ei slik sak er eldreomsorg. Eldre politikarar er, i mykje større grad enn ungdom, berre opptekne av saker som påverkar eller innverkar på livet deira direkte, avsluttar valforskar Aarebrot.

Neste artikkel

– Slutt å drømme om traktor på lastebil