Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bustadadresse kan påverke kor raskt du får hjelp ved hjarteinfarkt

Kvar i landet du bur har stor innverknad på kor raskt du får hjelp til å opne tette blodårer ved eit eventuelt hjarteinfarkt.

Kvar du bur i landet har stor innverknad på kor raskt du får blokka ut tette blodårer etter eit hjarteinfarkt. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK

Dårlegast ut kjem Helse Førde. Der får berre 7 prosent av hjartepasientane hjelp til å opne tette blodårer innan tilrådd tid.

– Det er utilfredsstillande at så få får behandling innan tidskravet. Sogn og Fjordane har lange reisevegar og dårleg vêr. Vi har trudd at vi har fått pasientane til Haukeland i tide, men ting tek lenger tid enn vi trur, seier fagdirektør Kristine Brix Longfellow i Helse Førde til NRK.

Annonse
Delen hjarteinfarktpasientar med tett blodåre som får behandling innan tilrådd tid. Foto: skjermdump frå Norsk Hjarteinfarktregister

I landet sett under eitt får 40 prosent av pasientane naudsynt behandling innanfor tilrådd tid. Oslo og Akershus kjem best ut. Der får over 70 prosent av hjarteinfarkt-pasientane hjelp til å opne blodårer innan tilrådd tid.

– Ved å opne blodåra så raskt som råd kan ein berge liv og redusere skadeverknadane, seier professor og leiar for hjartemedisinsk avdeling Sigrun Halvorsen ved Ullevål sjukehus til statskanalen.

Neste artikkel

Opposisjonen krever styrking av fastlegeordningen