Også i Erna Solbergs heimfylke vart ein opprivande debatt unngått.
Dermed gjentek mønsteret frå dei to føregåande årsmøtehelgene seg. Flesteparten av fylkesårsmøta i Høgre feiar den konfliktfylte saka under teppet inntil vidare. Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal var denne helga unntaket som stadfesta regelen, og dermed er det totalt fire fylkeslag i Høgre som har vedtatt resolusjonar som går imot innføring av EUs datalagringsdirektivet her i landet.
I Erna Solbergs heimfylke, Hordaland, kom datalagringsdirektivet aldri så langt som på bordet til fylkesårsmøte.
– Vi har hatt ein diskusjon sentralt, og vi kom fram til at vi vil vente med å behandle saka. Lokallag har gått imot direktivet, men vi i fylkeslaget vil ikkje meine noko om direktivet nå, seier nyvald fylkesleiar i Hordaland Høgre, Liv Kari Eskeland til Nationen.
Splitter Høgre
Eskeland vedgår at saka er svært vanskeleg for Høgre, også i Hordaland.
– Det er sterke meiningar både for og imot datalagringsdirektivet, og diskusjonen vil halde fram. Men vi veit ikkje når saka vil bli landa, seier Eskeland.
– Er saka rett og slett for vanskeleg for Høgre?
– Nei, det vil eg ikkje seie. Men det er ei sak med mange fasettar. Det er ein viktig diskusjon, og vi må ikkje dra forhasta konklusjonar, seier Eskeland.
Ho meiner også det er viktig å få alle korta på bordet først. Eskeland føler Høgre har fått svar på ein del av spørsmåla partiet stilte til regjeringa om direktivet, men at det framleis står att ein del.
– Kva er uklart?
– Vi meiner diskusjonen må halde fram, og så kan vi ta stilling når alt er på plass.
I Vestfold gjekk eit klart fleirtal på årsmøte imot å realitetsbehandle resolusjon om datalagringsdirektivet. Fylkesleiar Svein Flåtten skriv i ein e-post til Nationen at han heller ikkje trur at fylkesstyret vil behandle saka føreløpig.
Også i Sogn og Fjordane avviste eit stort fleirtal å la fylkesårsmøte behandle forslaget om å seie nei til datalagringsdirektivet. Fylkesleiar og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel føreslo ikkje å realitetsbehandle forslaget for heller å vidaresende saka til fylkesstyret, noko berre fem utsendingar var imot.
I Hedmark kom forslaget opp til reell behandling og avstemming, men eit svært knapt fleirtal stemde ned forslaget om å seie nei til datalagringsdirektivet.
Nei til direktivet på Møre
Møre og Romsdal var det einaste fylkeslaget i Høgre som i helga gjekk imot datalagringsdirektivet. Med rundt to tredjedels fleirtal vedtok fylkeslaget ein resolusjon som oppfordrar til bruk av reservasjonsretten og til å seie nei til datalagringsdirektivet.
– Eg synest det er veldig positivt at vi kan ha ein god debatt om ei sak som trass alt er så vanskeleg for oss. Intensjonane bak direktivet er gode, men det er sterke argument knytt til personvern og rettsprinsipp som gjer at fleirtalet på fylkesårsmøte vel å gå imot direktivet, seier Heidi Nakken, fylkessekretær i Høgre i Møre og Romsdal.
– Er det vanskeleg for eit ja til EU-parti å gå imot EU-direktiv?
– Sjølv om vi er for EU, treng vi ikkje vere einige i alt som kjem frå EU. Vi vil framleis jobbe for å få Norge inn i EU, men vi skal ikkje vere ei nikkedokke for EU. Vi må seie nei når det går for langt, seier Nakken.
4 av 5 fylkesårsmøte i Høgre avviste i helga forslag om å seie nei til EUs datalagringsdirektiv.
14.03.2010 16:32
