«Å byggja luftspenn gjennom Hardanger vil vere eit ufatteleg feilgrep og ei skam for landet vårt, turismen og komande generasjonar. Korleis kan det forsvarast at Noreg, som eit av verdas rikaste land, skjemmer ut noko av det vakraste land-skapet me har fordi styresmaktene meiner det er for dyrt å bevare det? Korleis vil styresmaktene forklare at det aldri er snakk om andre alternativ enn sjøkablar når det skal byggjast kraftliner i Oslofjordområdet?»
Les heile brevet her
Kvamme fortel at det å forhindre luftspenn gjennom Hardanger har vore ei hjartesak for ungdomsrådet, heilt sidan planane vart kjent.
– Det er viktig for oss unge, og for alle andre generasjonar som bur her, seier Kvamme.
Ho trur ingen i Hardanger er for luftspennet.
Dette vil Statnett
Ungdomsrådet vart litt roa då det kom fram at det skulle utgreiast kor mykje straumsparing som låg i ei opprusting av eksisterande linjenettet.
Dette vart sagt:
– Men trygge blir vi ikkje før det ligg vedtak om noko anna enn luftline, seier Kvamme.
Dei har sendt brev til både stasminister Jens Stoltenberg og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen før, utan at det har ført til noko. No vel dei å sende eit ope brev, og håpar det legg ekstra press på politikarane.
– Vi har mange viktige argument som dei burde ta stilling til. Hadde det vore fleirtal for å byggje kraftline, hadde det vore ei anna sak. Men når så mange seier nei, og ingen høyrer på oss, handlar det om demokrati. Det er feil at ein liten gjeng politikarar skal bestemme dette, seier Synnøve Kvamme i Granvin ungdomsråd.
Publisert onsdag 03.03.2010 kl. 16:59 (Sist endret onsdag 03.03.2010 kl. 18:22)

