Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aps fylkesleiarar kritiske til valkampen

Fylkesleiarane til Arbeidarpartiet peiker på fleire saker der dei bomma under valkampen.

Partileiar Jonas Gahr Støre under Arbeidarpartiets landsstyremøte førre veke. Her kjem han saman med fylkesleiar Frode Jacobsen i Oslo Arbeidarparti t.v. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Blant dei sakene det blir peika på er skatteløftet, uklart regjeringsprosjekt og slapp klimapolitikk.

– Alle visste vi gjekk til val på å auke skattane med 15 milliardar kroner, men svært få skjønte kvifor og kva vi skulle bruke dei på. Løftet om 3.000 nye lærarar kom for seint, seier fylkesleiar Frode Jacobsen i Oslo Arbeidarparti til Klassekampen.

Han stadfestar at det er levert eit skriv med kritikk frå det største fylkeslaget til partiet, men seier han tviler på at partileiinga vil bli overraska over det som står der.

Fylkesleiar Karianne Tung i Sør-Trøndelag Arbeiderparti er einig med Jacobsen.

– Den siste helga i valkampen kom vi med dei viktigaste sakene dei hundre første dagane etter valet. Det burde ha komme i februar, samtidig med skattesaka, seier ho.

Alle visste vi gjekk til val på å auke skattane med 15 milliardar kroner, men svært få skjønte kvifor og kva vi skulle bruke dei på.

Fylkesleiar Frode Jacobsen,
Annonse

– Vi nemner også̊ at det kan vere uklart kva slags regjeringsprosjekt vi hadde, og vi spør om vi var for slappe i klimapolitikken, seier Jacobsen.

Fylkesleiar Stanly Wirak i Rogaland seier partiet bomma med bodskapen.

– Vi fekk ikkje fram forteljinga vår, og så drukna vi i dritpakkar, seier Wirak og viser til mediesakene om partileiar Jonas Gahr Støre.

Måndag blir det lagt fram ein rapport for Aps sentralstyre om årsakene til det dårlege valresultatet og planar for vegen vidare.

Neste artikkel

Jonas Gahr Støre avviser maktkamp i Arbeiderpartiet