Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Agder bekymra for storfylke i vest

Det nye vestlandsfylket med over éin million innbyggjarar bekymrar sørlandspolitikarar. Dei er redde for eit Agder-fylke vil bli for lite i forhold.

Politikarar i Agder er bekymra for kva for konsekvenser ei mogleg samanslåing mellom Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordande kan få for deira region. Foto: Sindre Haugen Mehl

– Eg synest det er veldig urovekkjande. Dersom det blir så stor forskjell, blir det stor forskjell på maktfordelinga og kva tyngde vi har når vi skal prøve å få fram saker sentralt, seier Randi Øverland (Ap) frå Vest-Agder til NRK.

Døra på gløtt i Rogaland

Torsdag skreiv Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane under på ein intensjonsavtale om samanslåing til eitt stort fylke. Det nye fylket vil ha over 1,1 million innbyggjarar. Eit samanslått Agder vil ha i underkant av 300.000 innbyggjarar.

– Kjem du med 1,1 millionar innbyggjarar kontra ein liten region med 300.000 er det ein veldig stor forskjell, seier ho.

Les også: Sogn og Fjordane krever fylkesmannen på Vestlandet

Fylkestinget i Vest-Agder har vedtatt å forhandle med Aust-Agder om ei samanslåing. Dei har også vedtatt å halde samtalar med Rogaland.

Seinare denne månaden skal fylkespolitikarane i Agder-fylka møte politikarane i Rogaland.

Sør-løysing ikke død

Annonse

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) i Rogaland legg ikkje moglegheita for samanslåing med fylka i sør død, trass i intensjonsavtalen om ein stor vestlandsregion.

– Nei, det er ikkje dødt. No er det ein intensjonsplan vi har inngått og det krev ei godkjenning i fylkestinga, og det skal til behandling i oktober.

Les også: Høyre-politiker vil samle Vestlandet

Tengesdal ser fram til avtalen med Agder-fylka mot slutten av september.

– Det ligg ikkje noko i dette som ekskluderer moglegheitene for òg å tenkje Rogaland og Agder. Det er også eit alternativ at Rogaland held fram som ein region, dersom ein tek utgangspunkt i det talet på regionar som er lagt opp frå sentralt hald, seier Tengesdal til NRK. (©NPK)

Neste artikkel

Mindre utviklingsmidlar til fylkeskommunane