Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Krass kritikk av fødsels-omsorga i Sjukehus-Noreg

Norges Kvinne- og familieforbund meiner forholda i fødsels- og barselomsorga i Noreg er uverdige og får følgje av Senterpartiets helsepolitiske talskvinne.

Barsel: Sps helsepolitiske talskvinne Kjersti Toppe meiner barselomsorg er i ferd med å forsvinne ut av helsevesenet. Liggjetida på sjukehus har gått drastisk ned, men kommunane står ikkje alltid klar til å følgje opp. Her er Toppe i samtale med partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Arendal onsdag. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpi

Blant forholda forbundet tar opp er lang reiseveg til fødestova, sjukehus som skriv ut nybakte mødrer i ekspressfart og mangel på jordmødrer i kommunane.

– Sjølv drektige kyr har atskilleg betre tilbod, uttalar forbundsleiar Elisabeth Rusdal.

Senterpartiets helsepolitiske talskvinne Kjersti Toppe er einig:

– Transport av drektige kyr er det strenge reglar for, mens i helsevesenets legg ein opp til at fødande skal reise. Og så fungerer jo ikkje følgjetenesta, det er nærmast ein vits, seier ho.

Les også leiar i Nationen: Fødestue, ikke fjøs

Kvinner som skal reise over to timar i bil, kan altså ikkje rekne med å få følgje av jordmor.

Toppe vart født i bil. Sjølv rakk ho akkurat innanfor sjukehusdøra då ho sjølv skulle sette barn til verda. Fødande og nybakte mødrer fortener betre, meiner ho:

– Det er verdt å gå i 8. mars-tog for!

Sjukehusa sviktar

Toppe meiner der ved dei store universitetssjukehusa fødetilbodet sviktar no. Dei lokale tilboda har mindre press og følgjer kvalitetskrava, ifølgje rapportane ho får.

– Det har vore ei sentralisering og den kampen er på ein måte tapt. No må vi sikre dei fødeinstitusjonane som er, seier ho, og påpeikar at dei aller fleste fødslar skjer på dei store sjukehusa.

Annonse

Les også: Verner fødeavdeling og traumemottak, reduserer akuttkirurgi

– Føretaka prøver å få dei fødande fortare ut av sjukehuset. Eg er ikkje imot at det skjer, men når kommunane ikkje står klare og tar imot, er det dei nyfødde barna og kvinnene som blir skadelidande, seier ho.

Når Bergen får nytt barnesjukehus i 2022, får fødeavdelinga færre rom enn i dag. Sjukehuset planlegg for at 40 prosent av dei fødande ikkje skal overnatte, men skrivast ut 6 timar etter fødsel.

Les også: – Fødselsomsorgen er blitt en minimumstjeneste, mener KrF og Venstre

Jordmormangel

Forbundet er i gang med ei kartlegging av fødetilbodet og svangerskapsomsorga. Men slår alt no fast at det ikkje er nok utdanna jordmødrer og helsesøstrer. Saman med pengemangel, gjer det at barselkvinner ikkje får heimebesøka dei skulle hatt, ifølgje forbundet.

Det skjer samtidig med at færre skal følgjast opp på sjukehuset i dagane etter fødselen, for eksempel for å komme i gang med amminga.

– Eg opplever at barselomsorg blir definert ut som helsetilbod. Ein seier det er friske kvinner og friske barn, seier Toppe, som ønsker at oppfølging og rettleiing av barselkvinner framleis skal ha ein plass i norsk helsevesen.

©NPK

Neste artikkel

Tilbyr nytt nettsted for norske bønder