Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Breiband bremsar distriktsbedrifter

Dårleg utbygde breiband og teknologi som ikkje kommuniserer hindrar bruk av videokonferansar i distrikta.

Janne Grete Aspen
Publisert: 23.02.12 00:00

Det er Vestlandsforskning som på oppdrag frå Distriktssenteret har undersøkt kor mykje videomøte og nettoverføringar blir brukt i arbeidslivet, og kva som hemmar og fremjar bruken.

Undersøkinga viste at 18 prosent av dei private verksemdene har teknisk utstyr meint for denne bruken, medan 47 prosent av dei offentlege verksemdene har det. Og tilgangen er størst i distrikta.

– Manglande utstyr hos verksemdene i storbyområda er ein flaskehals for bruken av det teknologiske utstyret, seier direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret — kompetansesenter for distriktsutvikling.

Han brukar Distriktssenteret som døme på korleis bruken av videokonferansar kan vekse fram. Senteret vart etablert i 2008 og har kontor i Steinkjer, Sogndal og Alstahaug.

– Vi fann fort ut at styringsmøta med eigaren vår, Kommunal og regionaldepartementet i Oslo vart lite effektive. Vi laga eit reknestykke som viste at å fly inn fem personar til Oslo ein dag i arbeidstid og reiseutgifter kosta 40.000 kroner.

Når dei i tillegg la fram ein CO2-rekneskap, var løysinga klar og i ettertid har videokonferansar erstatta dei fleste Oslo-reisene.

Førstevalg

«Mottoet vårt er at

– Mottoet vårt er at video skal brukast der det kan brukast, seier Holmli.

Undersøkinga viser at gevinsten ved bruk av videoutstyr er størst i distrikta, men investeringane må gjerast lokalt. I tillegg til dårleg kvalitet på breibanda beskriv rapporten manglande utstyr hos verksemder i Oslo er ein flaskehals for bruken av teknologien.

– Kulturen er på ein måte at ein dreg til Oslo. Utstyret som finst er dårleg og vanskeleg tilgjengeleg. Ei konkret utfordring er å få til ein enkel standard for utstyr, slik at utstyret kommuniserer, seier Holmli. Han seier at nokre gonger er det greitt å treffe nye folk fysisk.

– Men til kortare møte med folk ein kjenner der temaet er kjent er det ingen grunn til å ikkje bruke video, seier Holmli.

I rapporten konkluderer Vestlandsforsking med at for private verksemder vil den økonomiske innsparinga som følgje av å bruke teknologien truleg vere viktigare enn for offentlege verksemder. Forskarane finn det difor litt rart at ikkje videomøte blir brukt i større omfang.