Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Trudde først det var ein schæfer eg såg

Søndag filma Paul Martin Nerby ein ulv i fullt firsprang mellom husa i eit villastrøk i Eidsvoll i Akershus. – Ei stor og unik oppleving, seier den ferske rovdyrfotografen.

Nerby fortel at han først tenkte å la vere å vise offentleg filmen han filma med mobilen. Men det var andre som såg ulven og som også såg at Nerby filma, og dei fortalde det vidare.

– Då var katten ute av sekken og ulven over alle haugar, så då kunne eg berre vise filmen, seier Nerby.

– No kan også dei som ikkje var der, få sjå ulven.

Rare lydar

Ulven vart filma i tre-firetida søndag. Nerby fortel at han var på besøk hos mora, og då dei var ute i hagen, høyrde han uvanlege lydar frå kornåkeren hagen grensar opp mot.

– Når ein veks opp ein plass, kjenner ein dei vanlege lydane. Dette var noko heil annleis og spesielt. Då eg kikka opp, såg eg det eg først trudde var ein schæfer i fullt firsprang i åkeren, og tenkte den var ute på eigen hand, utan eigaren.

Dyret var så høgt at hovudet og nakken var godt synleg over kornet.

– Då han passerte, kika han på meg, og eg tenkte at det var ein uvanleg schæfer. Sidan det har vore mykje snakk om ulv i området, tenkte eg då at det kunne vere ulv. Mor mi var også i hagen og kom for å sjå.

Mot utgangen

Nerby fortel at åkeren ulven var på er inngjerda, og det er berre ein stad det er mogleg å kome ut.

– Eg sprang dit, men då ulven kom, trakk eg meg litt tilbake, for ikkje å forstyrre han. Då han tok sats for å kome forbi meg, vart eg ganske sikker på at det var ein ulv. Eg turte likevel ikkje heilt tru det, så etter at eg hadde teke bileta, gjekk eg på nettet og sjekka bilete av ulv for å samanlikne.

– Kor lenge filma du ulven?

– Berre nokre sekund, kanskje ti sekund. Eg prøvde litt før også, men då fekk eg ikkje ulven med.

– Filmar du ofte ville dyr?

– Nei, eg er ein glad og heldig amatør. Det var rett og slett flaks at eg var der då ulven var der.

– Kva tenkjer du om å ha ulv nesten i hagen til mor di?

– At det var ei stor og unik oppleving. Det blir ei god historie for ettertida.

Annonse

– Kva tenkjer du om fellingsløyve på ulven "din"?

– Eg vil ikkje inn i nokon rovdyrdebatt, men eg tenkjer det er synd at denne skal bli jakta på. Det var eit friskt og fint dyr, og for meg som var så heldig å få sjå den, var det ei stor oppleving. Det er synd om den vert felt. Ulven var stressa og oppjaga, og det forstår eg, med eit jaktlag med fellingsløyve i hælane.

Unik situasjon

Nerby fortel at han er 45 år, og sjølvstendig næringsdrivande.

– Eg er glad i naturen, og går ein del i naturen, som nordmenn flest. Men å sjå ein fri ulv i eit tettbygd villaområde midt på dagen, og så tett innpå, det kjem eg aldri til å oppleve igjen. Det var ein unik situasjon. Eg trur knapt eg kjem til å sjå fri ulv i norsk natur igjen.

– Kva tenkjer mora di om å ha ein ulv rett utanfor hagegjerdet?

– At det var ei flott og fin oppleving. Ho var heller ikkje redd.

– Har ho kjæledyr?

– Ho hadde kattar før, men dei var det bilane og ikkje ulven som tok.

– I filmen ser vi at ulven spring mot ein veg med bilar. Korleis gjekk det?

– Han sprang rett ut i vegen og rett over vegen. Den bilen vi ser på filmen unngjekk han, men ein bli som kom litt seinare måtte bremse kraftig ned.

Fellingsløyve

Det var ved Esso-stasjonen mellom Dal og Råholt i Eidsvoll ulven vart filma.

Lokalavisa Eidsvoll Ullensaker Blad var dei som publiserte filmen først, skriv at dei har fått ei rekkje tips frå folk som har sett ulven i området.

– Det er sannsynlegvis det same dyret som er fanga på videoen, som vi hadde på skothald rett før fellingsløyvet gjekk ut natt til måndag, seier Hans Petter Klokkerengen i Statens naturoppsyn (SNO) til lokalavisa.

Neste artikkel

Ulv «fredet» i Norge – skytes i Sverige