Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tomt for sikringspengar til kulturminne

Potten med pengar som Kulturminnefondet har sett av til straks- og sikringstiltak for kulturminne i 2017, er tom.

Denne låven på garden Stuen på Askøy i Hordaland er blant bygga som har fått stønad frå Kulturminnefondet sine straks- og sikringstiltak. Foto: Linda Mari Lemvik

Kulturminnefondet har fått 170 søknader til straks- og sikringstiltak på til saman litt over 10 millionar kroner i 2017.

102 tiltak har fått stønad, heiter det i ei pressemelding frå Kulturminnefondet.

I 2014 innførte Kulturminnefondet ei prøveordning med tilskot til straks- og sikringstiltak for å mellombels sikre kulturminne. I 2017 blei det avsett 3,5 millionar til ordninga.

Annonse

Før jul skal styret i Kulturminnefondet avgjere om ordninga blir vidareført i 2018.

Neste artikkel

Ukjente perler i DNT-jubileum