Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tid for å sjå etter bjørnelort

Rovdyrovervakinga Rovdata ønskjer seg avføringsprøver frå brunbjørn frå folk som ferdast i område der det kan vere bjørn.

Skal øke: Den norske bjørnestammen var så godt som utryddet i 1930, men er i dag på 150–160 individer. For å nå målet om 13 årlige ynglinger må bestanden nær tredobles. Denne bamsen lever bak lås og slå i Namsskogan Familiepark, men Nord-Trøndelag er ellers et av fylkene med mest bjørn.

– Vi oppmodar turgåarar, jegerar, bærplukkarar og andre som bruker naturen, til å vere på utkikk etter bjørnebæsj. Prøvene kan leverast til Statens naturoppsyn lokalt. Viss det er mykje bjørn i eit område, skal det ikkje vere noko problem å finne ekskrement, seier Jonas Kindberg i Rovdata.

For den urøynde har Rovdata og Naturoppsynet laga fleire videoar om korleis bjørnebæsj kan skiljast frå ekskrement frå andre dyr i naturen på.

Annonse

Avføringa frå bjørn er på seinsommaren og hausten mørk i fargen og inneheld ufordøydde restar av bær, planter og maur.

Rovdata bruker DNA frå innsamla ekskrement og hår til å kartleggje dei ulike individa av brunbjørn, kor dei held til, og kor dei vandrar over tid.

Neste artikkel

Sp-politiker raser mot ulvejaktstans