Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Supertre kan erstatte stål

Ein nyutvikla behandlingsmetode kan gjere tre like sterkt som stål – og dermed erstatte stål i både bilar og fly og mykje anna.

Amerikanske forskarar har utvikla ein metode som gjer trematerialar like sterke og haldbare som stål, byggjematerialet som i si tid gjorde Eiffeltårnet mogleg. Foto: Creative Commons

Det er forskarar ved universitetet i Maryland i USA som har utvikla ein prosess dei kallar supertre, som gjer trematerialar tolv gonger sterkare enn naturtre og ti gonger så haldbare.

Metoden kan gjere tømmer aktuelt som materiale i konstruksjonar som normalt krev stål.

– Dette kan bli ein konkurrent til stål og til og med titanlegeringar, så sterkt og haldbart er det. Det kan òg samanliknast med kolfiber, men det kostar mykje mindre, seier forskingsleiar Lianging Hu på nettsida til universitetet.

Supertreet er seks gonger lettare enn stål. Miljøvennleg er det òg, ettersom det kan gjere rasktveksande og lette treslag som balsa og mjukfuru sterke nok til å erstatte sakteveksande og tette treslag som teak.

Annonse

Metoden går ut på først å fjerne ligninet i treet – det brunfarga bindemiddelet som gjer veden sterk – for deretter å komprimere det ved 65 graders varme til om lag ein femdel av volumet. Sist blir materialane forsegla med eit lag måling.

Forskarane testa supertreet ved å skyte kuleliknande prosjektil mot det, og mens kulene blåste tvers gjennom naturtre, stoppa dei på halvvegen i supertreet.

Studien er publisert i vitskapstidsskriftet Nature.

Neste artikkel

Furuberg åtvarar mot overproduksjon av storfe