Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Storsatsing på båtbygging og kystfriluftsliv

Med ei gåve på nesten 8 millionar kroner i ryggen skal Forbundet Kysten få fart på bygginga og bruken av tradisjonelle trebåtar langs heile kysten. Målet er å hindra at viktig kunnskap blir borte.

For å styrkja bygginga og bruken av tradisjonelle trebåtar ønskjer Forbundet Kysten å byggja opp klyngjer av levande trebåtmiljø langs kysten. Foto: Tuva Løkse / Forbundet Kysten

– I dag finst det ikkje fleire tradisjonsbåtbyggjarar att enn at vi får plass til dei i ei campingvogn, skal ein av båtbyggjarane har sagt, fortel Tore Friis-Olsen i Forbundet Kysten.

Organisasjonen har i fleire år arbeidd for å redda kunnskapen om bygging og bruk av opne tradisjonsbåtar. I slutten av januar fekk forbundet 7,8 millionar frå Sparebankstiftelsen DNB til eit fireårig tradisjonsbåtprosjekt. No har prosjektleiaren stor tru på at det skal bli schwung over arbeidet.

– Hastar med redningsaksjon

Mesteparten av gåva skal gå til å styrkja dei tradisjonelle båtbyggjarmiljøa. Viss ingen lærer denne kunnskapen no, fryktar Forbundet Kysten at ein tusenårig båtbyggjartradisjon med såkalla klinkbåtbygging blir borte. Det vil seia at borda i båten blir lagt oppå kvarandre og klinka saman.

Målet er å byggja opp klyngjer med båtbyggjarar og miljø som kan bruka båtane.

Tore Friis-Olsen i Forbundet Kysten

– Dette er eit kunnskapsfelt som står for fall. Situasjonen er ganske alvorleg. Dei siste ti åra har talet på båtbyggjarar gått veldig ned, seier Friis-Olsen og legg til at båtbyggjarane dessutan blir eldre og eldre.

Han seier likevel at båtbyggjarane brenn for faget sitt og har eit genuint ønske om å føra tradisjonen vidare. Men ofte har dei ikkje ressursar til å ta imot lærlingar. Det skal det nye trebåtprosjektet til Forbundet Kysten vera med å endra på.

Trebåtklyngjer skal gje vekst

Dei neste fire åra skal det blir fleire levande båtbyggjarmiljø langs kysten.

– Målet er å byggja opp klyngjer med båtbyggjarar og miljø som kan bruka båtane, fortel Friis-Olsen.

Han strekar under at båtbyggjaren og båtbrukarane er avhengige av kvarandre, og at det ikkje hjelper å byggja båtar viss ein ikkje har oppdrag og kundar. Å styrkja kunnskapen om dei tradisjonelle trebåtane og leggja til rette for å auka bruken av dei, er difor også ei viktig oppgåve.

– Sjølv om mesteparten av ressursane blir kanaliserte til å byggja båtar, kan vi ikkje berre byggja båtar blindt. Båtane må også ha mottakarar. Det ønskjer vi at det skal vera ein bevisst plan for, seier Friis-Olsen.

Satsar sterkt på kystfriluftliv

Tidlegare var dei tradisjonelle trebåtane viktige bruksbåtar for fiskarar og bønder. Slik er det ikkje lenger. I dag blir desse båtane først og fremst brukte som fritidsbåtar.

Annonse

Kystfriluftsliv blir difor eitt av dei viktigaste satsingsområda for Forbundet Kysten framover. Ikkje minst satsar organisasjonen sterkt på barn og ungdom.

Prosjektleiaren peikar på at Noreg har lange tradisjonar for friluftsliv i skog og fjell, med både opplæring, kurs og dyktige turleiarar.

– Slik bør det vera til sjøs også, meiner han.

For å få tak i maritime turleiarar og personar som kan læra folk å bruka dei tradisjonelle trebåtane, har Forbundet Kysten alt vore i kontakt med Høgskulen i Sogndal og Høgskulen i Bø, som begge underviser i friluftsliv.

Låg terskel

Å skaffa seg sin eigen trebåt kan kosta dyrt. For at flest mogleg skal få oppleva gleda av å bruka dei tradisjonelle trebåtane ønskjer Forbundet Kysten å leggja til rette for at fleire kan leiga eller låna slike båtar.

Friis-Olsen fortel Forbundet Kysten mellom anna har 126 kystlag langs heile kysten som tilbyr utleige eller lån av trebåtar for ein billeg penge.

– Det å bruka trebåt skal ikkje vera avhengig av lommeboka, slår han fast.

For å leggja til rette for eit breitt brukarmiljø ønskjer Forbundet Kysten å gjera avtale med fleire ulike båtmiljø. Forbundet har mellom anna fleire museum, leiarskular og andre i kikkerten.

Aukande interesse

Prosjektleiaren har stor tru på trebåtprosjektet. Han fortel at organisasjonen merkar ei aukande interesse for kystkultur og kystfriluftliv.

– Allereie på 1980-talet tok vi til å snakka om miljøvennleg friluftsliv i kystsona, men no har det kome for fullt. No matchar det på ein måte tidsånda, seier Friis-Olsen.

Han peikar på at mange er opptekne av klimavennleg friluftsliv og klimavennlege framkomstmiddel, samtidig som mange søkjer det stille, fred og ro. I tillegg trur han mange ser ei meining i det å ta vare på tradisjonsbåtar.

– Det å ta i bruk desse båtane gjev ei god kjensle. I tillegg er du med på å gje levebrød til ein handverkar. Det er ein vinn-vinn-situasjon. Vi håpar dette kan vera med på å styrkja lokal næring og vera i ein liten brikke i å skapa levedyktige kystsamfunn, seier Tore Friis-Olsen.

I tillegg arbeider Forbundet Kysten og over to hundre samarbeidspartnarar i dei nordiske landa med å få nordiske klinkbåtradisjonar inn på ei av listene til Unesco over immateriell kulturarv.

Neste artikkel

Distriktsfylker kan tape i ny valglov