Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stadig fleire vil rydda strender

Merksemda rundt forsøpla hav og strender har ført til at stadig fleire vil hjelpa til å rydda strendene. Laurdag 5. mai er det venta rekordstor oppslutnad om den årlege Strandryddedagen.

I byrjinga av mai er det nasjonal dugnad for å få strendene våre reine for søppel. Foto: Bo Eide / Hold Norge Rent

– Nærmare 75.000 frivillige har allereie registrert seg til innsats gjennom portalen vår. Dette slår alle tidlegare rekordar, og vi er på god veg mot å nå målet som er 100.000 strandryddarar i 2018, seier dagleg leiar Lise Keity Gulbransen i organisasjonen Hold Norge Rent ei pressemelding.

Organisasjonen har sidan 2011 arrangert den årlege dugnaden for å rydda norske strender. Interessa for å hjelpa til har dei siste åra teke seg kraftig opp. 49.000 frivillige samla i fjor inn 1.400 tonn søppel frå norske strender. Talet på frivillige var då meir enn 160 prosent høgare enn året før.

Annonse

For å bidra til eit endå større engasjement seglar miljøorganisasjonen i år tur-retur Oslo-Runde med seglskipet S/S Vega.

Prosjektleiar for Strandryddeekspedisjonen, Malin Jacob framfor seglbåten S/S Vega før avreise frå Oslo onsdag. Foto: Kjell Åsmund Sunde

– Målet er å bevisstgjera endå fleire til å gjera noko med marin forsøpling. Samtidig kan vi henta inn kunnskap om kva utfordringar frivillige, kommunane og andre har lokalt langs kysten. Meir kunnskap gjer det lettare å få bukt med problemet, seier Gulbransen.

Les også: Vinmonopolet går over til alternativ emballasje for billigvin

Neste artikkel

EU-lederne endrer tidsplanen for brexit