Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Spår tre år til med laksefest

Nordea spår tre nye år med rekordhøg laksepris.

Lakseprisen steig kraftig frå 40 til 60 kroner for tre år sidan, og har sidan stabilisert seg på rundt 60 kroner. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Lakseoppdrettarar kan sjå fram til nye tre år med laksefest, rekordhøge lakseprisar og endå høgare forteneste enn rekordnivå ein har i dag. Årsaka er at laksenæringa blir stadig mindre syklisk, og at etterspurnaden held fram å vekse meir enn oppdrettarar klarer å produsere, ifølgje den siste lakserapporten til Nordea, omtalt i Dagens Næringsliv.

Lakseprisen steig kraftig frå 40 til 60 kroner for tre år sidan, og har sidan stabilisert seg på rundt 60 kroner. Med kostnader på rundt 35 kroner kiloet har lakseoppdrettarane hatt stor forteneste.

Annonse

– Vi ser for oss at lakseprisen dei tre neste åra vil liggje på 64 kroner kiloet. Vi meiner også at heile laksesektoren er prisa for lågt, seier sjømatanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets til avisa.

Med eit prisanslag på 64 kroner for åra 2019 til 2021 spår Giskeødegård at laksefesten held fram i tre år til.

©NPK

Neste artikkel

Flere titalls laks funnet døde i elv – undersøker nå grunnen til fiskedøden