Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sogn og Fjordane og Hordaland samlar seg om «Vestland»

Trass at Språkrådet har åtvara mot det, gjekk fylkesutvalet i Sogn og Fjordane måndag inn for at det nye storfylket på Vestlandet bør heita «Vestland».

Fylkesvåpena til Sogn og Fjordane og Hordaland.

Fylkesutvalet i Hordaland har tidlegare vedteke det same.

– Vi må visa at vi står saman, skal gruppeleiar for Ap i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, ha uttalt før fylkesutvalet samla seg om vedtaket, ifylgje Firda.

Dei to fylka hadde eigentleg bestemt seg for å kalla det nye storfylket for «Vestlandet», men både Rogaland og Møre og Romsdal har reagert sterkt på dette.

Namnet «Vestland» skal ha blitt nemnt som eit alternativ då representantar for dei fire fylkeskommunane 19. januar møtte kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) om saka.

Annonse

Språkrådet har derimot åtvara mot dette namnet.

– «Vestland» er eit endå dårlegare alternativ enn «Vestlandet», sa språkdirektør Åse Wetås til Bergens Tidende tidlegare denne månaden.

No er det opp til Stortinget å avgjera kva det nye storfylket skal heita. Denne avgjerda er venta før sommaren, men Mæland vil rundt påsketider leggja fram ei tilråding, skriv Firda. ©NPK

Neste artikkel

Færre sauer drept av rovvilt