Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Smiths Venner» kjøpte vikinggard

Brunstad Kristelige Menighet på Hamar, også kjent som «Smiths Venner», har kjøpt Åker gård i Hamar kommune av Statsbygg.

Garden ligg på Vang i Hamar. Foto: Skyfoto

Statsbygg hadde sett eit prisforslag på 19,7 millionar kroner, men kjøpesummen vart 12,5 millionar kroner. Trussamfunnet vil ifølgje ei pressemelding skape aktivitet og ta vare på garden sin kulturelle arv.

I september skreiv Nationen at Statsbygg sleit med å få interesserte kjøparar. Då hadde dei fått inn eit bod på 7,5 millionar, men salssummen endte altså på drygt fem millionar meir.

Historiske Åker gård på Vang ved Hamar er i dag på 104 mål og omfattar elleve bygningar på til saman 7.174 kvadratmeter. Garden er ein av dei eldste og best kjende i Hedmark. Det har vore busetjing her i 4.500 år.

Annonse

Ein av dei mest kjente gjenstandane frå merovingertida, Åkerspenna, er funnen på garden. Nokre av dei største gullfunna i Norden er gjort i tilknyting til staden.

På eigedomen er det fleire tegn på tidligare busetting. Her restane og omrisset etter eit langhus.

Neste artikkel

Hester i veien – kollisjon mellom bil og MC