Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skatteetaten åtvarar mot nye svindelforsøk

– Slett e-postar der du får beskjed om å klikke på lenker for å få utbetalt skatteoppgjeret, lyd oppmodinga frå skatteetaten.

Mange har dei siste vekene blitt utsette for eit nytt forsøk på phishing, altså å lure til seg personleg informasjon som passord, i samband med skatteoppgjeret, opplyser skatteetaten.

E-posten kan innehalde informasjon om at «skatt refunderingsbeløp» visstnok er klart til utbetaling. Andre har fått ein e-post der det rett og slett står dette: «Du har fått ny melding. Klikk her for å lese.»

Annonse

Evry eller skatteetaten er oppgitt som avsendar. Begge variantane er eit forsøk på phishing, og skatteetaten anbefaler mottakarar å slette e-postane.

– Skatteetaten ber aldri brukarane om å klikke på lenker, svare på e-post eller gi frå seg opplysningar i varslar om skatteoppgjer eller annan kommunikasjon. Får du ein e-post som ser ut som den er frå skatteetaten der det er lenker som skal klikkast på, bør den slettast, seier Ernst Larsen, seniorrådgivar i Skatteetatens kommunikasjonsstab.

Når skatteetaten sender skatteoppgjeret, får mottakarane alltid beskjed om å logge seg på via skatteetaten.no.

Neste artikkel

Fortsatt store bevegelser ved Mannen – rødt farenivå opprettholdes