Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sauebonde legg ned drifta etter gjentekne ulveangrep

– Vi orkar ikkje å plukke fleire lik. Eg gir opp og sluttar, seier sauebonde Johan Lundgren på Molstaberg i Sverige.

Siste av mange: Over 160 sauer og lam har blitt tatt av ulv på bruket til Johan Lundgren på Molstaberg i Sverige, ifølgje Lantbrukarnas Riksförbund. Foto: Carl Aschan / LRF

I fleire år har ulvar vore eit stort problem for sauebruket på Molstaberg i Södertälje utanfor Stockholm. Den siste veka har ulvar angripe to gonger: Først onsdag, så på laurdag igjen.

– Onsdag blei 41 sauer drepne og 10 alvorleg skadd, medan 24 blei drepne laurdag og minst like mange skadde, seier Carl Aschan, regionleiar i Lantbrukarnas Riksförbund (LRF) til Nationen.

Massiv medieomtale

Dei to ulveangrepa har fått mykje merksemd i Sverige og både Land Lantbruk og Lantbrukets Äffarstidning har følgt saka tett.

I går fortalde bonde Johan Lundgren til begge avisene at nok er nok. Bakgrunnen er at dei regionale styresmaktene i Stockholms län seier nei til skadefelling av ulvane.

– Eg kjenner meg heilt utvridd. Eg orkar ikkje å gå ut og plukke daude dyr heile tida, seier Lundgren til Land Lantbruk, før han takkar for støtta etter ulveangrepa.

Han og kona Elisabeth Aschan har drive den økologiske sauegarden på Molstaberg sidan 2007 Ifølgje Land Lantbruk er bruket det største i Stockholm län med om lag 1000 dyr. LRF seier til Nationen at bruket har hatt så mange som 1700 sauer og lam om sommaren.

Skadd: Éin av sauene som blei skadd på Molstaberg i Sverige i førre veke. Foto: Carl Aschan / LRF

13 angrep på tre år

Bakgrunnen for avgjerda til til dei styrande i Stockholms län, er at ekstraordinær skadefelling skal vere einaste mogleg utveg.

– Rovdyrpolitikken som heilskap er bra i Sverige, men einskilde län agerer ikkje i tråd med dei sentrale avgjerdene, meiner Aschan i LRF Mälardalen.

På telefon frå Sverige er det ein oppglødd Aschan som fortel om korleis ulveangrep har råka området i Södertalje dei siste åra.

– Berre for Johan er det 13 angrep på tre år, over 160 daude dyr. No fekk dei nok. Han orkar rett og slett ikkje denne kampen mot styresmaktene i Sverige meir, seier Aschan til Nationen.

Annonse

Brorparten av angrepa skjedde i 2015, då også nabogarden på Molstaberg blei angripen. Eitt av angrepa skal ha skjedd like ved eit bustadhus, ifølgje LRF.

Stygt: Éin av sauene som blei drepne av ulv i Södertalje i Sverige i førre veke. Foto: Carl Aschan / LRF

– Dolk i ryggen

Aschan seier at dei kjem til å jobbe tett med sauebonden i Molstaberg, både med rettsleg hjelp og politisk kontakt for å få til endring.

– Dette verkar inn på heile lamme- og sauenæringa i Sverige, fortel Aschan.

Han får støtte frå Tomas Olsson, talsperson for lammekjøtprodusentar i Sverige.

– Ein blir sjokkert over avgjerda til länsstyret, seier Olsson til Land Lantbruk i dag tysdag.

Han lurer på korleis lammeprodukssjon skal kunne utvikle seg når staten ikkje tek ansvar i slike saker, spesielt når etterspurnaden etter lammekjøt er så stor.

– Korleis skal vi få folk til å våge å satse? Avgjerda er ein dolk i ryggen, seier Olsson.

Neste artikkel

Svensk matmilliard skal styrke industrien