Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Politikarar fryktar privat ferjedrift kan stogge ferjefri E39

Samferdslepolitikarar på Vestlandet fryktar privat ferjedrift kan hindre at ein får på plass ein ferjefri kyststamveg på E39.

Samferdselspolitikarar på Vestlandet fryktar private ferjeselskap skal setje kjeppar i hjula for ferjefri E39. Foto: Hallvard Østrem/ NPK

Denne veka blei det klart at fylkespolitikarane i Rogaland ikkje får stansa privat ferjedrift over Høgsfjorden på E39, trass i at den undersjøiske tunnelen Ryfast blir opna der i 2019.

Både Rogaland fylke og Stortinget var samde om at ferjesambandet skulle leggjast ned når Ryfast skal opne.

Men når private ferjeselskap meiner det er pengar å tena, så får dei likevel lov til å halde fram ferjedrifta.

Les òg: Bjarne Undheim kan få motorveg over jordet

– Det vil gå ut over bompengeinntektene i Ryfast, og det betyr også at heile draumen om ein ferjefri E39 på Vestlandet er sett i spel, seier leiar i Samferdsleutvalet i Rogaland, Arne Bergsvåg (Sp) til NRK.

Annonse

Også i Hordaland finn ein liknande problematikk. Det er det planar om at ei flytebru på E39 frå Stord til Os, det såkalla Hordfast-sambandet, skal erstatte den noverande ferjestrekninga.

Les òg: Bonde får kjøpe jord 27 kilometer unna heimgarden

– Vi ser etter kvart ganske mange bompengesamband der inntektene byrjar å svikta, seier Askeland. Og Hordfast har ein veldig høg bompengesats, så det prosjektet kan bli lønsamt for eit kommersielt ferjesamband, seier Jon Askeland er leiar i Samferdselsutvalet i Hordaland til statskanalen.

Neste artikkel

Til legen med Über?