Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Østmarka-tispa fekk kvelpar med son

Eitt ulvekull har sett dagens lys i Østmarka-reviret utanfor Oslo i år, stadfestar no Rovdata. Sonen til mora er far.

Forskarar skal mellom anna undersøkja om det er innblanding av ulv i den norske ulvestamma. Dette biltet er frå Langedrag. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

– Feltundersøkingar har dokumentert at det er født fem ulvekvelpar i Østmarka-reviret i år, og DNA-analysane viser at faren mest sannsynleg er ein hannulv som vart fødd i dette reviret i fjor, seier genetikar Øystein Flagstad i Rovdata.

– Når vi frå før veit at tispa i Østmarka er eit resultat av far og dotter-paring, så kan vi slå fast at det er eit ekstremt høgt innavlsnivå i dette reviret, seier han.

Frå før er det i år påvist ulvekull i dei heilnorske revira Mangen og Letjenna og i grensereviret Juvberget.

Annonse

Den offisielle registreringssesongen startar likevel først til hausten, og først utpå vinteren får forskarane eit klart bilete av kor mange ulvekull som er fødde i Skandinavia i 2018.

I fjor vart det født åtte ulvekull og heilnorske revir og fem i grenserevir. Dermed vart også det nasjonale bestandsmålet nådd med god margin og to familiegrupper er skotne i lisensjakt.

Registreringssesongen på ulv startar offisielt 1. oktober.

Les også: Ingen har sluttet med sau etter fjoråret

Neste artikkel

Politimann dømt etter SMS til ulvejeger