Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye krav for å bli nasjonalpark-kommune

Miljødirektoratet har invitert 100 kommunar som har nasjonalparkar til å søkja status som nasjonalpark-kommune etter nye kriterium. Målet er å gjera det meir attraktivt å besøkja nasjonalparkane.

Auka besøk, betre vern og auka verdiskaping er stikkord for den nye satsinga. Biletet et frå Vanndalen med Jostedalsbreen nasjonalpark i bakgrunnen. Foto: Miljødirektoratet

– Nasjonalparkane er det ypparste vi har av natur i Noreg. Vi har utvikla ein heilskapleg profil for å gjera områda lettare å kjenna att og for å gjera dei endå meir tilgjengelege for turistar og besøkjande, seier direktør for Miljødirektoratet Ellen Hambro i ein uttale på nettsidene til direktoratet.

Auka besøk, betre vern og auka verdiskaping er stikkord for den nye satsinga.

For å få status som nasjonalpark-kommune er det ikkje lenger nok å ha eit visst område som er verna som nasjonalpark.

– Dei nye kriteria krev at kommunane i tillegg til å ha nasjonalparkareal i kommunen, skal arbeida målretta for å profilera kommunen som ein aktør under merkevara Noregs nasjonalparkar, heiter det.

Annonse

Dette arbeidet må mellom anna visa att i kommuneplanen og i andre deler av arbeidet til kommunane.

Dei 34 nasjonalparkkommunane som fekk statusen som nasjonalparkkommunar i perioden 2008-2012, misser denne godkjenninga i 2021, men desse kommunane kan då søkja om nasjonalparkstatus etter dei nye kriteria, skriv direktoratet.

Førebels er det berre to kommunar som er godkjende som nasjonalpark-kommunar etter den nye ordninga. Det er Engerdal og Lierne kommunar.

©NPK

Neste artikkel

Inga mjølkekrise – førebels