Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura bekymra for store mengder kjøt på fryselager

Den vedvarande tørken har gjort at mange bønder ser seg nøydde til å slakte ned buskapen. Nortura er bekymra for store mengder kjøt på fryselager.

Konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg legg ikkje skjul på at situasjonen er dramatisk.

– Vi legg vanlegvis ein plan som er i tråd med etterspurnaden for ferskt kjøt i marknaden, men no som det kjem mykje dyr til slakt, må vi fryse inn store volum. Det er ei utfordring. Ein ting er frysekapasiteten, ein annan ting er verdimink med nedfrysing, seier konsernsjef Arne Kristian Kolberg i Nortura til Dagens Næringsliv.

Medan det vanlegvis er nettounderskot på storfe og ein betydeleg biffimport, er situasjonen snudd på hovudet ved at det plutseleg kan bli for mykje storfekjøt. Eit spørsmål er om den tidlege nedslaktinga betyr at det kan bli behov for meir importbiff seinare.

Annonse

– Målet er å produsere gode kvalitetar av frosenvare som er attraktiv i marknaden, seier Nortura-sjefen.

Bonde-eigde Nortura har ei eiga beredskapsgruppe som no handterer tørkesituasjonen. Kolberg legg ikkje skjul på at situasjonen er dramatisk.

– Dei som verkeleg blir ramma er eigarane våre, husdyreigarane, og spesielt dei som driv med storfe og småfe. Ein ting er korleis situasjonen er no, men frå hausten og fram til ettervinteren er det verst. Hadde det ikkje vore for bondesolidariteten der bøndene hjelper kvarandre, så ville situasjonen vore mykje verre, seier Kolberg.

©NPK

Neste artikkel

383 kommuner har sårbart mobilnett ved strømbrudd