Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norske bedrifter meir optimistiske enn på seks år

Norske arbeidsgivarar forventar den største oppbemanninga på over seks år. Bedrifter i sørvest ser lysast på utsiktene, medan optimismen fell sterkt i Oslo.

Oljekrisa som ramma Noreg hausten 2014, vart tung for mange bedrifter på Sør- og Vestlandet. Men trenden har for lengst snudd, både i denne regionen og i landet elles: Veksten i økonomien aukar, arbeidsløysa fell og bedriftene vil igjen tilsetje.Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det viser ManpowerGroups arbeidsmarknadsbarometer for tredje kvartal som vert lagt fram tysdag.

Blant arbeidsgivarane i undersøkinga planlegg 15 prosent å bemanne opp. 80 prosent har planar om å bevare arbeidsstyrken som han er, medan 5 prosent planlegg å nedbemanne.

Tilsetjingsplanane har vist stabil vekst og er no 3 prosentpoeng høgare enn dei var på same tid i fjor.

I barometeret vert 751 norske bedrifter spurde om dei har behov for å bemanne opp, bemanne ned eller om bemanningsbehovet er uendra kommande kvartal.

Det såkalla sesongjusterte nettotalet endar denne gongen på pluss 9 prosent. Det er den høgste optimismen som er målt i arbeidsmarknaden på seks år.

Nettotalet er delen bedrifter som seier dei skal bemanne opp, fråtrekt delen bedrifter som seier dei skal bemanne ned. Feilmarginen overstig ikkje pluss/minus 3,6 prosent.

Mest positivt i sørvest

Oljekrisa som ramma Noreg hausten 2014, vart tung for mange bedrifter på Sør- og Vestlandet. Men trenden har for lengst snudd, både i denne regionen og i landet elles: Veksten i økonomien aukar, arbeidsløysa fell og bedriftene vil igjen tilsetje.

Sør- og Vestlandet har no dei mest optimistiske arbeidsgivarane i landet før tredje kvartal, ifølgje Manpowers barometer. Der er netto bemanningsutsikter på pluss 15 prosent, det sterkaste frå regionen på over ni år.

Annonse

Det er ei forbetring på høvesvis 12 og 11 prosentpoeng samanlikna med førre kvartal og tredje kvartal i fjor.

Oslo fell – utfordringar i nord

Arbeidsgivarane i Oslo-området er meir forsiktige før tredje kvartal. Dei rapporterer om netto bemanningsutsikter på pluss 2 prosent, men det er 8 prosentpoeng svakare enn førre kvartal og 2 prosentpoeng svakare enn same tid i fjor.

– Utsiktene for Oslo-området er dei svakaste vi har sett sidan slutten av 2016, og det er også ein kraftig nedgang samanlikna med førre kvartal. Om dette er eit blaff eller starten på ein trend er for tidleg å seie, seier ManpowerGroups konsernsjef Maalfrid Brath til NTB.

Også i Nord-Noreg er etterspurnaden etter arbeidskraft høg, men fleire regionale rapportar viser at arbeidsgivarane synest det er vanskeleg å få tak i menneske med riktig kompetanse og personlege eigenskapar.

Finans og forsikring

Når det gjeld bransjar, er optimismen størst innan finans med netto bemanningsutsikter på pluss 13 prosent.

– Utviklinga både innanfor reguleringar og fin-tech har skapt eit enormt behov for digitale ferdigheiter innan bank og finans. Det har vore ein nøkkelfaktor i oppbemanninga vi har sett i denne næringa dei siste kvartala, seier Brath.

Fin-tech er eit samleomgrep for ny teknologi og design som utfordrar tradisjonelle finanstenester for lån, betaling, finansiering og handel.

Nærmast finans følgjer sektorane energi med pluss 12 prosent, offentleg sektor med pluss 11 og olje og gass med pluss 9.

©NPK

Neste artikkel

Britiske selskapet Go-Ahead skal drive Sørlandsbanen