Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordmenn viktigast for Tine under smørkrisa

Trass i at det er smørkrise i Frankrike og andre europeiske land, har Tine ingen planar om å sko seg på situasjonen ved selja norsk smør til utlandet.

– Vi vil alltid prioritera dei norske forbrukarane først og sikra at vi har nok smør til den norske marknaden, seier kommunikasjonsdirektør Lars Galtung i Tine til E24.

Tine har tidlegare opplyst at Noreg er klar til å hjelpa europearar i smørkrise, men Galtung avviser at Tine eller eigarane til Tine har kunna utnytta situasjonen til å selja smør til utlandet til høge prisar.

Mangelen på smør i Frankrike har ført til kraftig prisstigning på smør. I august måtte franskmennene ifylgje NTB ut med over 60 kroner for eit kilo smør.

Annonse

• Les også: Mindre inntekter og svakere resultat for Tine

Galtung meiner det er liten fare for at dei høge smørprisane skal påverka den norske marknaden, men seier at det på lang sikt kan ha ein smitteeffekt der industrien til dømes brukar ingrediensar frå utlandet.

Neste artikkel

Tine myser på nullutslipp fra lastebil