Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No skal føremålslause demningar vekk

Forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (Nina) skal no kartleggje gamle og utrangerte damanlegg i Noreg, slik at dei kan rivast og gi fisken fri bane i vassdraga.

Forskarar skal kartleggje gamle demingar i bekker og elvar, slik at dei kan rivast og gi fisken fri bane. Demningen i Aunåa har truleg vore nytta som vassreservoar for kraftverket på Hitra tidleg på 1900-talet. Foto: Morten Andre Bergan / NINA

Forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (Nina) skal no kartleggje gamle og utrangerte damanlegg i Noreg, slik at dei kan rivast og gi fisken fri bane i vassdraga.

– Ein god del demningar er vandringshinder eller barrierar – og mange fiskeartar mistar dermed tilgangen til viktige gyte- og oppvekstområde. Derfor skal det rivast ein del demningar rundt om i landet, seier forskar Antti Eloranta i Nina til Nationen.

Han peikar på at damanlegga mange stader har vore medverkande årsaker til reduserte bestandar av sjøaure, harr, aure og ål.

No ønskjer Nina-forskarane tips om mindre og utrangerte demningar som kan ha gått under radaren i tidlegare registreringsrundar. Det kan dreie seg om dammar som har vorte nytta i samband med tømmerfløting, kvernhus, møller og sagbruk.

Annonse

– Vi ønskjer først og fremst informasjon om eldre demningar over heile landet som ikkje lenger har noko føremål, seier Eloranta.

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er rundt 70 prosent av vassdraga i Noreg regulerte for vasskraft, og direktoratet fører i dag tilsyn med rundt 4.100 dammar. I tillegg er 2.600 eldre damanlegg registrerte som kulturminne.

Seksjonssjef Lars Grøttå i NVE trur likevel det finst langt fleire.

– I det tradisjonelle bondesamfunnet med opptil 30.000 kverner i bruk må det ha vore like mange dammar ved små og store vassdrag. Ein del restar av desse finst nok framleis rundt om i landet, seier han til avisa.

Nina gjennomfører kartlegginga saman med Multiconsult Norge AS på oppdrag frå Miljødirektoratet. Dei tar imot rapportar om gamle damanlegg på nettsidene til Nina.

Neste artikkel

Rapport: Klimaendringar gir redusert matproduksjon