Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NHO kritiserer sukkeravgifta

– Avgiftsauken gir ikkje betre folkehelse, grensehandelen aukar og spørsmålet om meldeplikt til ESA står uavklart, seier Petter Haas Brubakk, sjef for NHO Mat og Drikke.

Sukker-kritikk: Petter Haas Brubakk, sjef for NHO Mat og Drikke. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

– Vi registrerer at Finanskomiteen sluttar seg til ein avgiftsauke som ikkje gir betre folkehelse, som aukar grensehandelen og der spørsmålet om meldeplikt til ESA står uavklart, seier NHO Mat og Drikke-sjef Petter Haas Brubakk i ei pressemelding.

Denne veka la finanskomiteen fram innstillinga til statsbudsjett 2018. På måndag blir innstillinga drøfta i Stortinget.

I budsjettforliket gjekk Høgre, Frp, KrF og Venstre inn for ei sterk avgiftsauke på sjokolade, sukkervarer, brus og anna alkoholfri drikke. Avgifta vil bli innført frå og med 1. januar til neste år. Ifølgje NHO vil den få dramatiske konsekvensar for fleire verksemder og gi negative ringverknader for heile mat- og drikkenæringa.

Les også: Lerum får millionsmell etter avgiftsøkning

– Vi forventar at Stortinget tek kunnskapsbaserte avgjerder. Til grunn for tilrådinga er det verken gjort greie for eventuell helsevinst, konsekvensane for verksemdene i næringa og effekten på grensehandelen, seier Brubakk vidare i pressemeldinga.

Annonse

Det er kjent at auken i sukkeravgifta er så stor at den kan vere meldepliktig til EFTAs overvakingsorgan (ESA).

– Fleire juridiske miljø har stilt spørsmål ved om avgiftsauken er meldepliktig til ESA. At dette spørsmålet ikkje er avklart før statsbudsjettet no blir vedteke, stadfester at forslaget har kome utan grundig konsekvensutgreiing, seier Brubakk i pressemeldinga.

Les også: Nationen mener: Ikke bedre folkehelse av sukkeravgift

Neste artikkel

NHO klager sukkeravgiften inn for ESA