Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljødirektoratet går mot miljøkrim-flytting

Ei klar nedprioritering av arbeidet mot miljøkriminalitet, er Miljødirektoratets dom over framlegget frå Særorganutvalet om å flytte ansvaret for miljøkriminalitet frå Økokrim til Trøndelag politidistrikt.

Blir åtvara: Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp) blir åtvara mot å flytte ansvaret for miljøkriminalitet frå Økokrim til Trøndelag politidistrikt, slik eit utval føreslo tidlegare i år. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Forslaget ber preg av å vere mangelfullt greidd ut, skriv Miljødirektoratet i høyringsuttalen sin om framlegget.

Direktoratet tilrår ei vidareføring av ei sentral nasjonal miljøkrimeining i kombinasjon med eigne øko- og miljøeiningar i politidistrikta.

Les også: Kripos-sjef vil ha pause i politireformen

– Oppfølging av miljøkriminalitet krev spisskompetanse som ikkje finst i eit politidistrikt, og som tar mange år å byggje opp. Det er derfor nødvendig med eit sterkt fagmiljø sentralt hos politi- og påtalemakta på miljøkriminalitetsområdet, seier avdelingsdirektør Bjørn Bjørnstad i Miljødirektoratet.

Annonse

Les også: Toppsjef: – Politireformen henger ikke helt på greip

Direktoratet stiller seg òg tvilande til om utvalet har hatt godt nok grunnlag for konklusjonane sine, mellom anna når det gjeld å sjå miljøkriminalitet og økonomisk vinning i samanheng.

Høyringsfristen for reforma av særorgana i politiet gjekk ut fredag.

Neste artikkel

Markant økning i antall dyrevelferdssaker