Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mange bønder droppar setebeltet i traktoren

Svært mange bønder lèt vere å spenne seg fast når dei køyrer traktor på veg, går det fram av ei ny gransking.

Snautt halvparten av bøndene brukar alltid eller som regel bilbelte når dei køyrer traktor på veg, viser ei ny gransking. Foto: Odd Roger K. Langørgen/Bygdeforskning

Berre 19 prosent av bøndene brukar alltid bilbelte når dei køyrer traktor på veg, viser ei undersøking utført av Agri analyse for Landbruksforsikring. 29 prosent oppgir at dei som regel brukar belte.

– Det betyr at halvparten har gode vanar på dette området, men vi skulle gjerne sett at også resten kom etter, seier Svend Trygve Kvarme, rådgivar i Landbruksforsikring, i ei pressemelding.

23 prosent av bøndene svarer at dei aldri bruker setebeltet ved traktorkøyring på veg, medan 25 prosent berre gjer det nokre gonger.

• Les òg: Marit stilte ett krav til den nye traktoren

Det er ikkje noko absolutt påbod om å bruke belte når ein køyrer traktor. Men både Landbruksforsikring og andre fagmiljø knytt til næringa, tilrår at beltet vert brukt oftare og alltid når ein køyrer ut på offentleg veg.

Annonse

I ein rapport frå Norsk senter for bygdeforskning vert det fastslått at traktoren er den maskinen som oftast kan knytast til ulykker og nesten-ulykker som gjeld bonden og dei tilsette på garden.

• Les òg: Sjekk lufttrykket i traktordekkene

For bonden er traktoren involvert i 14 prosent av dei faktiske ulykkene, og for dei tilsette så mykje som 20 prosent.

– Traktoren vert mykje brukt, og til mange ulike gjeremål. Endå betre sikkerheit rundt bruken ville bety mykje for heile skadebiletet i landbruket, seier seniorforskar Gro Follo på Bygdeforskning, som leia prosjektet som låg til grunn for rapporten «Ikke en bonde å miste».

Neste artikkel

Joker Sjursnes årets butikk i nord