Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Maaemo-sjefen vekker oppsikt med video av reinsdyrslakt

Stjernekokk Esben Holmboe Bangs video av reinsdyrslakt med kniv får kritikken til å hagle.

Vekker oppsikt: Maaemo-sjef Esben Holmboe Bang. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

Maaemo-sjef Esben Holmboe Bangs video av reinsdyrslakt i Finnmark skaper sinne, melder Dagbladet.

Restauranten Maaemo er den einaste i Noreg som har tre stjerner i den prestisjefylte Michelin-guiden. Tidlegare denne veka publiserte Maaemo-sjef Esben Holmboe Bang ein videosnutt på Instagram. I videoen avlivar han eit reinsdyr med kniv og lar det blø ut i snøen. Ifølgje Dagbladet vart videoen laga då Holmboe-Bang besøkte ein av produsentane som leverer kjøt til Maaemo.

I sin kommentar til videoen skriv Holmboe Bang «kjøt kjem ikkje innpakka i plast. Reinsdyret er lamma og kjenner ikkje smerte. Dette er den tradisjonelle samiske måten å avlive dyr på, og det er etter mi meining den beste og mest naturlege måten.». Han forklarer at dyret blir drepe gjennom at kniven blir sett inn i ryggrada så den treff nervesystemet.

Innlegget møter til dels hard motbør på hans eigen profil. Han blir mellom anna skulda for å skryte av å drepe.

Annonse

«Det er trist å sjå at mesteparten av maten folk et startar med vald,» skriv ein annan.

Til kritikken svarar Holmboe Bang mellom anna «eg byrjar ærleg talt å lure på om folk veit kva som føregår utanfor sin eigen søte, vesle plastinnpakka indrefilet.». I Dagbladet presiserer stjernekokken at reinsdyra som blir servert på Maaemo ikkje blir avliva på dette viset. Dei blir slakta i tråd med Mattilsynets reglar.

Les også: Kua Isrosa er spesielt utgangt av stjernerestauranten Maaemo

Neste artikkel

Et alvorlig feilspor i klimadebatten